Jesu omskjering
(Omdirigert frå Herrens omskjering)
Omskjeringa av Jesus blir feira i den ortodokse kyrkja den 1. januar eller den 14. januar, som svarer til den 1. i den julianske kalenderen som nokre av kyrkjene følgjer. Han var tidlegare ein festdag i den katolske då alle katolikkar var pålagde å gå til messe. Dagen markerer både Jesu innføring under jødisk lov og den første gongen han blødde for menneskja, ei førevarsel om krossfestinga.
I Den norske kyrkja vert nyårsdagen markert som Jesu namnedag, sidan Jesus etter Bibelen fekk namnet sitt då han skulle omskjerast.
Ved merket for nyttårsdagen på primstaven er eit tempel nokre gonger brukt som markering av dagen, til minne om Jesu omskjering.