Den julianske kalenderen

Den julianske kalenderen er eit kalendersystem som vart innført av Julius Cæsar i år 46 f.Kr.[1] Han var ein reformert versjon av den romerske kalenderen, og byrja 1. januar 45 f.Kr.

Osmansk kalenderblad frå 1911 med datoar i ulike kalendrar:
- Oppe til venste rumi-datoen på osmansk tyrkisk: år 1327, 7 Nisan (٧ نیسان ١٣٢٧)
- Den same julianske datoen (7. april, ΑΠΡΙΛΙΟΣ 7) og gag (torsdag, Πέμπτη) under han på gresk med år 1911
- Ved sida av denne er den gregorian datoen (20. april, AVRIL 20) og dagen (Jeudi) på fransk
- Over desse to er talet 30 (to gogner), månaden (april, Априлий) og dagen (torsdag, Четвъртъкъ) på bulgarsk
- Under den greske datoen er ei armensk oppføring som seier april (ԱՊՐԻԼ) og torsdag (ՀԻՆԳՇԱԲԹԻ)
- Oppe til høgre står den muslimske datoen 21 Rebiülahir 1329 (١٣٢٩ ربيع الآخر أو ١٢)
- Den jødiske datoen 22. nisan 5671 (22 ניסן 5671) er oppførst nedst.

Etter den julianske kalenderen er det 365 dagar i vanlege år, og skotår med 366 dagar kvart fjerde år, utan unntak. Dette var ei klår forbetring over den gamle romerske kalenderen, som hadde 355 dagar annakvart år, og vekselvis 377 og 378 dagar i åra imellom. Det var den greske astronomen og matematikaren Sosigenes som føreslo denne ordninga for Cæsar i år 47 f.Kr.[2]

Den julianske kalenderen var i bruk i Romarriket, og spreidde seg vidare som kristen liturgisk kalender. Når ei folkegruppe blei kristna tok dei som regel også i bruk kalenderen til kyrkja dei kom i kontakt med. Kristne Nubia og Etiopia tok dermed i bruk den alexandrinske kalenderen, medan kristne Europa tok i bruk den julianske kalenderen. Europeiske koloniar brukte sameleis denne kalenderen. Det siste landet som tok i bruk den julianske kalenderen var Det osmanske riket, som brukte han som finanskalender under namnet rumi-kalenderen ('den romerske kalenderen') i 1840.

Overgang til gregoriansk kalender endre

 
Illustrasjon av korleis datoane endra seg gjennom overgangen frå den julianske til den gregorianske kalenderen i 1582.

I 1582 gjekk pave Gregor XIII inn for å byta den julianske kalenderen ut med ein endå meir nøyaktig variant, fordi den julianske hade eit avvik på 11 minutt pr. år frå det astronomiske året. Dei fleste katolske land adopterte raskt den gregorianske kalenderen. Protestantiske og ortodokse statar følgde etter litt etter litt, og i dag har dei fleste gått over til den gregorianske kalenderen.

Mange ortodokse kyrkjesamfunn, t.d. den russisk-ortodokse kyrkja, brukar framleis ein variant av den julianske kalenderen. Det er difor religiøse høgtider i Aust-Europa sjeldan fell saman med dei same høgtidene i den norske kyrkja, som gjekk over til å bruka den gregorianske kalenderen i februar 1700. I 2005 feira ein t.d. påske den 27. mars i Noreg, men den 1. mai i Russland, sjølv om båe landa i dag brukar den same kalenderen.

Av di den julianske kalenderen hadde vore brukt so lenge at alle kalendrar låg fleire dagar «etter skjema», måtte året mista nokre dagar i samband med at kalenderen skulle bytast ut. Dette problemet vart handtert på ulike vis i ulike land. I Noreg vart februar ekstra kort det året ein slutta å bruka den julianske kalenderen, og då kan det vel henda at folk klaga når dei t.d. måtte betala full månadsleige på inntekta av ei halv månads arbeid! Den julianske kalenderen vart då kalla gammal stil.[3] I Sverige prøvde dei difor ei mjukare overgang frå år 1700 og framover, men det vart berre vas, og etter 12 år gjekk svenskane attende til den julianske kalenderen, som dei heldt på til 1753. Då gjorde dei nøyaktig som Noreg hadde gjort 53 år tidlegare.

Russland brukte den julianske kalenderen heilt fram til etter den russiske revolusjonen tidleg på 1900-talet. Det er difor det heiter «Oktoberrevolusjonen» sjølv om han skjedde i november etter norsk tidsrekning. Tyrkia gjekk over frå den julianske kalenderen (for finans) 16. februar\1. nars 1917. Russland gjorde endringa den 1./14. februar 1918.[4]

Hellas endra den sivile kalenderen sin frå tradisjonell juliansk til ein revidert versjon med datoar som svarte til dei i den gregorianske den 16. februar/1. mars 1923. Nasjonaldagen, som også var ei religiøs høgtid, skulle følgja kalenderen til kyrkja, men også denne gjekk over til den reviderte julianske kalenderen året etter. I dag er det Hellas det einaste landet som offisielt bruker den julianske kalenderen, i revidert utgåve.[5][6]

Moderne bruk endre

 
Russisk ikon av Kristi openberringsdag feira 6. januar etter ulike kalendrar.

I 1924 hadde dei fleste ortodokse land hadde teke i bruk den gregorianske kalenderen, men statskyrkjene deira hadde ikkje gjort det. Eit kyrkjemøte i Konstantinopel i mai 1923 gjekk inn for ein revidert juliansk kalender føreslått av den serbiske vitskapsmannen Milutin Milanković. Denne kalenderen hadde ein solar del som gjer datoane identiske med dei til den gregorianske kalenderen fram til år 2800, og ein lunar del som fastset påska astronomisk i Jerusalem. Alle dei ortodokse kyrkjene nekta å godta den lunare delen, så dei heldt fram med å feira påsken etter den tradisjonelle julianske kalenderen. Eit unntak er den finske ortodokse kyrkja, som bruker gregoriansk paschalion.[7][8]

Berre ein del av dei ortodokse kyrkjene godtok den solare delen av den reviderte julianske kalenderen. Dei som gjorde det var Det økumeniske patriarkatet i Konstantinopel, patriarkata i Alexandria og Antiokia, Den greske ortodokse kyrkja, Den kypriotiske ortodokse kyrkja, Den rumenske ortodokse kyrkja, Den polske ortodokse kyrkja (frå 1924 til 2014; då denne kalenderen blei valfri for einskilde kyrkjelydar), Den bulgarske ortodokse kyrkja (i 1963) og Den amerikanske ortodokse kyrkja (der sokn har løyve til å bruka den tradisjonelle julianske kalenderen). Desse kyrkjene feirar dermed juledag på same dag som vestlege kristne kyrkjer, 25. desember etter gregoriansk kalender fram til 2799.

Patriarkatet i Jerusalem, Den russisk-ortodokse kyrkja, Den serbiske ortodokse kyrkja, den montenegrinske ortodokse kyrkja, den polske ortodokse kyrkja (frå 15. juni 2014), Nord-Makedonia, Det georgiske patriarkatet, Den ukrainske ortodokse kyrkja og dei greske gammalkalendristane og andre grupper har halde fram med, eller gått tilbake til, den tradisjonelle julianske kalenderen. Desse kyrkjene feirer juledagen den 25. desember ettr juliansk skikk, tilsvarande 7. januar i den gregorianske kalenderen fram til 2100).

Dei fleste ortodokse kyrkjer bruker den julianske kalenderen til å finna datoen for påske, som alle rørlege høgtider byggjer på.[9]

Den julianske kalenderen er framleis i bruk av berbarar i Nord-Afrika i form av berbarkalenderen.[10]

Kjelder endre

  1. Richards, E.G. (2013): Explanatory Supplement to the Astronomical Almanac, s. 595.
  2. Dialetis, Dimitris (2007): «Sosigenes of Alexandria» i: Hockey, Thomas; et al.: Biographical dictionary of astronomers. vol. II, M-Z. Springer. s. 1074.
  3. «Gammel stil», Store norske leksikon, 14. oktober 2011, henta 13. august 2014 
  4. Social Security Administration (26 August 2005). «GN 00307.180 Gregorian/Julian calendar». Henta 27 July 2016. «Although the Russian authorities officially changed calendars in 1918, individual registrars particularly in remote areas continued to use the old calendar for as long as ten years.» 
  5. Social Security Administration publication GN 00307.180 – Gregorian/Julian calendar.
  6. Milan S Dimitijevic, Milutin Milanković and the reform of Julian calendar on ecoumenical congress in Constantinople in 1923, Conference paper: International Conference The Life and Work of Milutin Milancovic, Past, Present, Future, 19–21 July 2019, Belgrade.
  7. «Estonian Orthodox Church (Estonian Events)». Vancouveri Eesti Apostliku Õigeusu Kirik. 2010. 
  8. Bishop Photius of Triaditsa, "The 70th Anniversary of the Pan-Orthodox Congress, Part II of II"; «HELSINGIN SANOMAT (International edition)». 21 September 2007. 
  9. Towards a Common Date of Easter. Arkivert 2017-06-20 ved Wayback Machine. (5–10 March). World Council of Churches/Middle East Council of Churches Consultation, Aleppo, Syria.
  10. Oxby, Clare (1998). «The manipulation of time: Calendars and power in the Sahara». Nomadic Peoples, New Series 2 (1/2): 137–149. JSTOR 43123542.