Erik Magnusson av Södermanland
(Omdirigert frå Hertug Erik Magnusson)
Erik Magnusson var hertug av Södermanland frå 1303. Erik vart fødd kring 1282 og døydde i fangenskap på Nyköpingshus den 16. februar 1318, og vart gravlagd i Storkyrkan i Stockholm. Erik var son av kong Magnus Ladulås og Helvig av Holstein.
Erik vart gift med den norske prinsessa Ingeborg Håkonsdotter, og fekk barna:
- Magnus Eriksson (1316-1374), konge av Sverige og Noreg
- Eufemia Eriksdotter (1317-1363/1370), gift med hertug Albrekt den store av Mecklenburg (1318-1379)