Hertug (frå mellomnedertysk hertoch, femininum hertuginne) var opphavleg ein vald hærførar, og er i dag ein tittel for somme av dei høgaste europeiske adelsmenn eller mannlege medlemmar av kongehus, ofte knytt til eit hertugdøme, men denne tilknytinga er gjerne berre i namnet. Tittelen finst også som storhertug eller som erkehertug.

Henri II av Lorraine, hertug av Guise på 1600-talet.

Somme hertug-familiar var suverene fyrstar, dvs. at dei herska over ein stat kalla eit hertugdømme. Andre hertug-familiar hadde ikkje ei slik sjølvstendig stilling, men hadde fått hertugtittelen som ein adelstittel frå ein fyrste.

Dei få norske hertugane var Skule Bårdsson og Håkon V Magnusson, den siste i tida før han blei konge.

I Sverige har prinsar tittelen hertug over eit landskap. Prins Carl Philip er hertug av Värmland.

Det finst rangkrone for hertug, men utforminga av rangkrona varierer med dei ulike landa og tidsperiodane.

Sjå også endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Hertug