Storkyrkan, (eller Sankt Nicolai kyrka) er i domkyrkje i Stockholms stift i Stockholm i Sverige. Kyrkja ligg mellom slottet og Börshuset i Gamla stan («Gamlebyen»), og er Stockholms eldste kyrkjelydskyrkje. Ho kan rekna historia si tilbake til Birger jarl. Kyrkja sjølv reknar 1279 som det året då kyrkja vart grunnlagt, sidan ho er nemnd første gongen i skriftlege kjelder i dette året.[1]

Storkyrkan
Kyrkjerommet sett mot altaret
«Sankt Georg og draken»
«Vädersolstavlan»

Kyrkja er særleg kjent for statuen av «Sankt Georg og draken» (på svensk: Sankt Göran och draken), skoren i tre av Bernt Notke i 1489, og målarstykket «Vädersolstavlan», som syner det ikkje heilt uvanlege atmosfæriske optiske fenomenet bisoler over Stockholm.

Kyrkjebygningen endre

Storkyrkan er ei hallkyrkje med fem skip, oppført av tegl med eit noko uregelmessig rektangulært plan. Vesttårnet vert flankert av to utbygg, eit trappehus er føyet til det sørlege. Barokkutforminga til fasadane bryt mot dei gotiske formspråka i interiøret.

Storkyrkan har vorte byggd om og utvida mange gonger. Restane etter den første 1200-talskyrkja finn ein spor etter i nordmuren i tårnet. Brannspor tyder på at denne tidlege kyrkja har vorte herja av brann, før ei ny kyrkje med tre skip vart innvigd i 1306. Restar av denne kyrkja finst i dei noverande fire vestlegaste travéane.

I samband med ein ombygging rundt 1340 vart det oppført eit kvadratisk kapell på sørsida av kyrkja, Vår frue-kapellet. Det vart dekt av fire krysskvelvar rundt ein midtstolpe og var vigsla til jomfru Maria. Seinare på 1300-talet vart det føyet til to helgenkapell på nordsida ved andre og tredje travé frå vest, og kort etter endå eit vest for desse.

Den største utbygginga vart gjort på byrjinga av 1400-talet. Kyrkja vart utvida med fem travéer mot aust, og den austlegaste, koret, fekk ei polygonal avslutning. Dessutan vart det bygd åtte sidekapell, fire mot nord og fire mot sør. Truleg vart det i denne perioden òg oppført ein forhall vest for Vår frue-koret.

Rundt 1420 vart vesttårnet bygd om og på, og deretter vart det søre tårnkapellet bygd. I tillegg kom eit kapell i langhusets vestre hjørne. På slutten av 1400-talet, Sten Sture den eldres tid, kom neste store ombyggingsperiode. Mellomveggane i sidekapella vart slått ut, og nokon vart fjerna, kyrkja vart gjort høgare, fekk større vindauge, og fekk den hallkyrkjeforma med fem skip som ho har hatt sidan då. Tårnet vart gjort høgare, og på nordsida vart det føya til eit kapell liknande det som tidlegare hadde vorte oppført mot sør.

Under Christian IIs siste regjeringsår i Sverige, i 1521, forsterka ein pillarane i den sørøstre delen, og loftet vart innreia til bruk som forsvar. Av forsvarstekniske årsaker fekk kong Gustav Vasa rive ned det polygonale koret og Vårfrue-korets mellomveggar .

Inventar endre

 
Preikestolen
 
Altaret

Storkyrkans skulpturgruppe Sankt Georg og dagen er eit verk av den tyske målaren og skulptøren Bernt Notke. Det vart fullført i 1489.[2]

I kyrkja hengjer òg måleriet «Vädersolstavlan», som er ein kopi frå 1630-talet utført av Jacob Heinrich Elbfas etter Urban målares original frå 1535.

Preikestolen er frå 1680-talet, og er utført av Burchardt Precht etter Nicodemus Tessin den yngres tilvisningar. Altartavla er ein altaroppsats frå 1654 av ibenholtsfanerfuru med sølvdekor.

Kyrkja har to døypefontar; éin kalksteinsfont frå 1514, og ein frå 1995, utført av Carola Hedman.

Storhendingar i kyrkja endre

Kyrkja har tradisjonelt fungert som kroningskyrkje for Sveriges regentar. Magnus VII og Blanka av Namur var dei første som vart krona her, i 1336. Neste kroning i Storkyrkan skjedde ikkje før Hans vart unionkonge. Derimellom og på 1500-talet gjekk kroningane føre seg i Uppsala domkyrkje. Frå og med dronning Christina vart dette ein fast tradisjon.

Gustav IV Adolf vart ikkje krona i Storkyrkan. Men deretter vart alle regentar krona her inntil 1907Gustaf V vedtok at han ikkje skulle la seg krone. Den siste kroninga i kyrkja føregjekk 12. mai 1873, då Oscar II og dronning Sofie vart krona.[3]

Bryllaupet mellom Carl XVI Gustaf og Silvia Sommerlath vart forretta i Storkyrkan av Svenska kyrkans dåverande erkebiskop Olof Sundby den 19. juni 1976. Vigselen ved bryllaupet mellom kronprinsesse Victoria og Daniel Westling 19. juni 2010 vart òg forretta i Storkyrkan.

Falske relikviar etter Heilag-Olav endre

 
Hjelm og sporar som Heilag-Olav skal ha hatt. Bilete i verket Suecia antiqua et hodierna frå 1669.

Storkyrkan har i si tid meint å ha hatt krigarhjelmen og sporane til den norske helgenkongen Heilag-Olav som relikviar, erobra frå Steinvikholmen festning langt inne i Trondheimsfjorden av den svenske hæren under Den nordiske sjuårskrigen. Det vart då trudd at desse relikviane hadde vore i Nidarosdomen fram til reformasjonen i Noreg i 1537, og deretter teke vare på på Steinvikholmen festning, der leiaren for svenskehæren, Claude Collart, tok dei som krigsbyttetrofé i 1537, og overleverte dei til Storkyrkan i Stockholm ved heimkomsten.

Men desse påståtte relikviane er ikkje frå Heilag-Olavs tid på fyrste halvparten av tusentalet, men er mykje yngre, tidfesta til siste fjerdeparten av 1400-talet. Hjelmen er av typen salade, og denne typen kom i bruk i kamp i Nord-Europa frå og med midten av 1400-talet. Truleg er hjelmen av flanderskt eller sørtysk opphav, medan sporane kan vere laga i Danmark. Statens historiska museum i Stockholm fekk desse gjenstandane overlevert i 1866, der dei er framleis[4].

Kjelder endre

  1. Storkyrkan - historie, arkivert frå originalen 21. august 2010, henta 12. juni 2016 
  2. Notke hos Weilbachs kunstnerleksikon
  3. Hans Majestät Konung Gustaf V:s åttioårsdag.
  4. Thordeman, Bengt. 1943. Sankt Olovs hjälm och sporrar : Sveriges äldsta bevarade trofé. Fornvännen 38: side 188–200. (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 4. mars 2016, henta 12. juni 2016