Hesthøyen (stundom kalla Hesthaugen) er ein gard nordvest på Fedje i området kalla Vestkanten. Det ligg mellom Hesteneset i nord og Langedalen i sør. Garden er ein av dei nyare på Fedje og vart først rydda i 1920-åra. Før den tid var dette beitemark for Kremmarholmen.

Berge
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Fedje
Postnummer 5947 FEDJE
Gardnummer 169

Staden ligg på nokre småhøgder 20-30 meter over havet, og med flatare landskap omkring har ein panoramautsikt utover Nordsjøen frå her. Under den andre verdskrigen okkuperte derfor tyskarane området for å kunne nytte seg av denne fordelen. Husa som stod her vart tekne av tyskarane, og dei bygde ein radarstasjon her. I 1952-1953 vart det bygd loshytte på staden, og i 1954 fekk Losvesenet skøyte på tomta. I 1992 vart det opna ein ny felles losstasjon og trafikksentral på staden, der ein overvaker skipstrafikken i heile Nordsjøen.

Forsvarsdepartementet fekk ei tomt her alt i 1929 der det vart bygd ein kystvaktstasjon, men denne vart truleg riven under krigen. Tyskarane bygde òg ei sjukestove her. Då krigen var over tok Fedje kommune over tomta og det var meininga å byggje gamleheim på tomta. Det vart ikkje noko av og huset var riven i 1960-åra. I dag står berre murane att. Ei brakke som tyskarane bygde vart òg teken over av kommunen. Fedje ungdomslag vart stifta i 1946 og har sidan den gong nytta bygget som ungdomshus. På midten av 1980-talet skifta laget namn til Fedje bygdelag.

Kjelder endre

  • Arvid Skogseth (1997). Fedje og folket: Gards- og ættesoge for Fedje. Fedje kommune.