Hestmona
Hestmona er ei øy i Lurøy og Rødøy kommune i Nordland fylke. Ho er 13,6 km² stor, og det bur om lag 50 fastbuande på øya. Den nordlege halvdelen (Storselsøy) høyrer til Rødøy kommune, medan den sørlege halvdelen med garden Hestmona) høyrer til Lurøy kommune. Landskapet på øya er dominert av dei to fjella Hestmonkallen (571 moh.) og Ambota (318 moh.). Polarsirkelen kryssar den nordlege delen av øya.
Hestmona | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Helgeland |
Koordinatar | 66°32′26″N 12°50′22″E / 66.54056°N 12.83944°E
|
Areal | 13,6 km²
|
Høgaste punkt | Hestmannen (571 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Nordland
|
Demografi | |
Folketal | 50 |
Folketettleik | 3,7 /km² |
Viktigaste næringsveg på Hestmona er landbruk. Den einaste skulen på øya er Hestmannøy skule, som for tida er under administrasjon av Selsøyvik skule.
Namnet
endreØya er òg kalla Hestmannøya, ei forvansking av det opphavlege namnet[1], påverka mellom anna av segner om Nordlandsfjella der Hestmannen er ein sentral figur.
Anna
endreDS «Hestmanden» er kalla opp etter fjellet Hestmannen. Postadressa hit er 8197 STORSELSØY.