Hilbrandt Meyer

Norsk kjøpmann og embetsmann

Hilbrandt Meyer (30. august 172320. oktober 1785), også kjend som Hildebrandt Meyer, var ein norsk embetsmann frå Bergen som var borgarmeister i byen frå 1763. Han er kjend for sine store samlingar til Bergens historie, eigne verk og avskrifter av andre sine.

Hilbrandt Meyer
Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. august 1723
Død

20. oktober 1785 (62 år)

Yrke skribent

Meyer fekk i 1745 borgarskap som kjøpmann i heimbyen. År 1751 vart han utnemnd til viserådmann i byen, etter at han hadde betalt 600 riksdalar til Seminarium Fredericianum for å få embetet.

Frå 1763 til han døydde var Meyer ein aktiv og dyktig borgarmeister i Bergen. Han gav i åra 1764-65 ut vekebladet 'Den bergenske Borger-Ven', der han presenterte sentrale idear i samtida vedkomande skipsfart, handel og industri. Dei neste åra fekk han trykt opp fleire mindre avhandlingar om turrfiskhandelen. For å hegne om Bergen sine privilegium og handel propaganderte han imot å opprette ein kjøpstad i Nordlandene og at det kunne framstillast turrfisk i Romsdal og på Sunnmøre.

Meyer etterlet seg ei samling på 10 band som i 1786 vart kjøpt av 42 handelsborgarar og gitt til Bergen by. Hovudverket Samlinger til den Berømmelige og Navnkundige Norske Handel Stad Bergens Beskrivelse er frå 1764 og skrive med sirleg skrift og forsynt med 22 tusjteikningar av kyrkjene og ei rad andre offentlege bygningar, laga av stadsbyggmeister Johan Joachim Reichborn.

Kjelder endre