Hild Sofie Tafjord

Hild Sofie Tafjord (fødd 4. januar 1974) er ein norsk musikar fødd i Langevåg [1] Ho spelar valthorn, og nytter også ulike elektroniske instrument og datamaskin.[2] Tafjord er kjend frå fleire grupper og innspelingar, særleg innan eksperimentell elektronika og jazz.

Hild Sofie Tafjord
Hild Sofie Tafjord Kongsberg Jazzfestival 2019 (192712).jpg
Fødd4. januar 1974 (47 år)
FødestadLangevåg
OpphavNoreg
Sjangerjazz
Instrumentvalthorn
PlateselskapSmalltown Supersound
Verka somkomponist, valthornist, jazzmusikar

Hild Sofie Tafjord studerte ved Toneheim folkehøgskole med blant anna Maja Ratkje, og blei deretter første med eksamen i valthorn frå Jazzlinja på Norges musikkhøgskole i 2001.[3][4] Saman med Ratkje har ho spelt i kvartetten SPUNK med Lene Grenager og Kristin Andersen (frå 1995), duoen Fe-mail (frå 2000) og trioen Agrare (med dansaren Lotta Melin). I Slinger speler ho med Grenager og Lisa Dillan, og i Lemur speler ho med Grenager, Michael Francis Duch og Bjørnar Habbestad.

Ho har spelt mykje i duo med Håkon Kornstad og har samarbeidd med Zeena Parkins, Fred Frith, Ikue Mori og Matmos. Vidare har ho spelt i Crimetime Orchestra, No Spaghetti Edition og Norwegian Noise Orchestra. Av andre samarbeid kan ein nemna Kjetil Manheim frå Mayhem og Øyvind Berg.

Ho er dotter til jazztubaisten Stein Erik Tafjord[5] og niese til hornisten Runar Tafjord.

UtgjevingarEndra

  • KAMA (Picadiscs, 2007)
  • Breathing (+3dB, 2014)[6]
Samarbeid
Med «Rotoscope», mellom dei Andreas Mjøs, Jørgen Træen, Knut Aalefjær, Rune Brøndbo, Lars Horntveth, Rob Waring & Christine Sandtorv
Med Fe-mail og Carlos Giffoni
  • 2006: Northern Stains (Important Records)

KjelderEndra

  1. myspace.com/hildsofie
  2. Hammerø, Tor; Monsen, Christopher (26. februar 2020). «Hild Sofie Tafjord». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  3. «Omtale». groove.no. 
  4. «Artistside». Norsk Musikkinformasjon. Arkivert frå originalen 4. mai 2009. 
  5. «Familie med kulturpott». Sunnmørsposten. 15. desember 2004. Arkivert frå originalen 2007-09-28. 
  6. «Breathing - +3dB». +3dB. 2014.