Stein Erik Tafjord

norsk jazzmusikar

Stein Erik Tafjord (fødd 2. november 1953 i Langevåg) er ein norsk jazzmusikar (tuba), og bror til jazzmusikaren Runar Tafjord. Han er mest kjend for at han er ein del av The Brazz Brothers. Han var med på å starte Ytre Suløens Jass Ensemble i 1973, og spelte med dei i 17 år.

Stein Erik Tafjord
Stein Erik Tafjord Chat Noir Oslo Jazzfestival 2017 (183546).jpg
Fødd2. november 1953 (67 år)
FødestadLangevåg
OpphavNoreg
Sjangerjazz
Instrumenttuba
Verka somjazzmusikar, komponist, musikkpedagog
PrisarBuddyprisen

Tafjord er utdanna ved Noregs musikkhøgskole i Oslo. Etter mange år i Kringkastingsorkestret starta han som frilans jazz- og studiomusikar. Som improvisatør har Tafjord utvikla ein særs utradisjonell spelestil, som har påverka komponistar og andre til å få augo opp for tubaen som instrument.

Han har turnert med fleire internasjonale orkester og grupper, som t.d. the Scandinavian Tuba Jazz Inc. og Carla Bley Scandinavian Jazz Ensemble. Han har arbeidd med songar og skodespelar Elisabeth Lindland i fleire samanhengar.

Stein Erik har fire born, mellom dei hornisten Hild Sofie Tafjord.[1]

Prisar og utmerkingarEndra

  • 1991: Buddyprisen (den høgaste utmerkinga innan norsk jazz)

KjelderEndra

ReferansarEndra

  1. «Familie med kulturpott». Sunnmørsposten. 15. desember 2004. Arkivert frå originalen 2007-09-28.