Hilda Cathy Heine (fødd 6. april 1951Jaluit) er ein marshallesisk pedagog og politikar var president på Marshalløyane 2016–2020 og å nyo frå og med 2024. Heine var den fyrste kvinnelege presidenten på Marshalløyane. Ho vart i 2020 etterfølgd i presidentembetet av David Kabua. Den 3. januar 2024 vart ho vald som president igjen.[1]

Hilda Heine

Fødd6. april 1951 (73 år)
Majuro
Statsborgar avMarshalløyane
Partipartilaus
Yrkepolitikar
Utdanna vedUniversity of Oregon
University of Southern California
University of Hawaii at Manoa
University of Hawaii
USC Rossier School of Education
BarnKathy Jetn̄il-Kijiner
Alle verv
  • Marshalløyenes president (2016–2020) Sjå dette på Wikidata

Liv og virke

endre

Heine vaks opp på atollen Jaluit. Ho flytta til Majuro for videregåande skulegang.[2]

Heine er universitetsutdanna i USA. Ho har lågaregradsutdanning frå University of Oregon og tok i 1975 mastergrad i pedagogikk ved University of Hawaii. I 2004 avla ho doktorgrad ved University of Southern California.[3] Heine var den fyrste kvinna frå Marshalløyane som avla doktorgrad.[4]

Heine har arbeida som skulelærar og rådgjevar. Frå 1982 til 1986 var ho leiar for vidareutdanning ved Community College of Micronesia på Majuro, for så å verte administrativ leiar ved College of Micronesia Majuro Campus (1986–1990). Frå 1990 til 1992 var Heine president ved College of the Marshall Islands.[3] Ho grunnla Women United Together Marshall Islands.

Heine var undervisingsminister frå 1992 til 1995.[3] Etter perioden som minister flytta ho til Hawaii, der ho også arbeida med utdanning. Frå 2006 til 2011 var Heine programdirektør for Pacific Comprehensive Assistance Center ved Pacific Resources for Education and Learning (PREL) heime på Marshalløyene.[2]

I 2015 vart Heine vald til parlamentet frå atollen Aur.[2] Ho vart vald til president av Nitijela, det marshallesiske parlamentet, i januar 2016 etter at forgjengaren Casten Nemra tapte eit mistillitsvotum. Heine var einaste kandidat i valet.[4] I januar 2020 tapte ho sjølv presidentvervet etter avrøysting i Nitijela. David Kabua vann presidentvalet.[5]

Heine er æresdoktor ved College of the Marshall Islands.[2]

Kjelder

endre
  1. «Hilda Heine sworn-in as President of the Marshall Islands». 3 January 2024. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Biography of Her Excellency Hilda C. Heine, Ed.D President of the Republic of the Marshall Islands» Arkivert 2018-01-07 ved Wayback Machine., Embassy of The Republic of The Marshall Islands, Republic of China (Taiwan). Lest 6. januar 2018.
  3. 3,0 3,1 3,2 «H.E. Dr. Hilda Heine», Pacific Women in Politics. Lest 6. januar 2018.
  4. 4,0 4,1 «Hilda Heine elected Marshalls president», Radio New Zealand, 28. januar 2016. Lest 6. januar 2018.
  5. «New president for Marshall Islands». RNZ (på engelsk). 6. januar 2020. Henta 14. januar 2020. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Hilda Heine