Hilde Raastad (fødd i 1960) er den første opne lesbiske presten i Noreg. I 2013 bad Raastad biskopen i Oslo om å bli løyst frå ordinasjonsløftet i protest mot det ho opplevde som homofobe kyrkjeleiarar.

Raastad vaks opp på Nordberg i Oslo der ho var aktiv i ungdomsforeininga og speidararbeidet i Nordberg kyrkjelyd. Ho tok presteutdanninga si i USA og Noreg.

Raastad vart ordinert som prest i 1995 av Rosemarie Köhn, og ho vart med det den første lesbiske presten i Noreg som var open om legninga si. Raastad inngjekk partnarskap med sambuaren sin same år.[1] Sidan jobba ho for aksept og likeverd i den Norske kyrkja, men bad i 2013 dåverande biskop Ole Christian Kvarme om å bli løyst frå ordinasjonsløftet på bakgrunn av det ho opplevde som homofobe haldningar og meiningar frå biskopen som åndeleg leiar.[2] Raastad protesterte mot at kyrkja som organisasjon ikkje anerkjende hennar val av livspartner og at dette var avgjerande for tilsetjing i kyrkja.[3] På denne tida hadde Oslo bispedømeråd pålagd alle kyrkjelydane sine å ha med formuleringa «samlivsform kan bli vektlagt» i alle annonsar der det vart utlyst prestestillingar.[2] Bispedømerådet hadde i 2004 og 2005 sagt nei til å tilsetje Raastad som vikarprest i Lofoten prosti på bakgrunn av at Raastad levde i eit homofilt partnarskap.[4]

Etter at ho hadde vorte løyst frå ordinasjonsløftet sitt gav Raastad i 2015 ut boka Rosa skjerf og nyfallen snø, ein delvis sjølvbiografisk roman om lesbisk kjærleik og kampen for ei open kyrkje.[5] Raastad har vore med i Åpen Kirkegruppe for lesbiske og homofile sidan 1990, og ho er aktiv i Europeisk forum for LHBT Christian Groups.[6]

Kjelder endre

  1. Engesbak, Reidar (11. april 2013). «– Nå skal jeg leve». blikk.no (på norsk). Henta 15. november 2021. 
  2. 2,0 2,1 «Norges første lesbiske prest går av i protest mot Oslos biskop». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). Henta 15. november 2021. 
  3. undefined, undefined (17. april 2013). «Takk, Hilde Raastad!». dagbladet.no (på norsk). Henta 15. november 2021. 
  4. «Tredje bispedømme med homoprester». www.bt.no (på norsk bokmål). Henta 15. november 2021. 
  5. Haga, Kristin Tufte (24. november 2015). «Presten som tar et rått oppgjør med Kirken». Nordre Aker Budstikke (på norsk). Arkivert frå originalen 15. november 2021. Henta 15. november 2021. 
  6. «Hilde Raastad (født 1960)». Skeivt arkiv. 3. august 2018. Henta 15. november 2021.