Ole Christian Kvarme
Ole Christian Mælen Kvarme (fødd 11. november 1948) er ein norsk geistleg som har vore domprost i Oslo domkyrkje og biskop i Borg bispedømme og Oslo.
Ole Christian Kvarme | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. november 1948 (76 år) Molde kommune |
Yrke | prest, omsetjar, biskop |
Verv | Biskop i Borg |
Periode | 1998-2005 |
Føregangar | Even Fougner |
Etterfylgjar | Kari Veiteberg |
Verv | Biskop i Oslo |
Periode | 2005-2017 |
Føregangar | Gunnar Stålsett |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Ole Christian Kvarme på Commons |
Biografi
endreKvarme voks opp i Trondheim. Han tok teologisk utdanning frå Menighetsfakultetet i Oslo, og vart cand.theol. derfrå i 1974. Han har også det praktisk-teologiske seminaret frå same lærestad. Kvarme har også hebraisk mellomfag frå Universitetet i Oslo (1970), og studiar i rabbinisme og judaistikk frå Göttingen i Tyskland og Jerusalem i 1975 og 1976.
Han vart ordinert til misjonsprestteneste i Bodø i 1975.
Kvarme var vitskapeleg assistent ved Menighetsfakultetet 1972-74, og arbeidde som bibelomsetjar ved Det Norske Bibelselskap i 1973. I 1975 var han vernepliktig feltprest.
Han var misjonsprest for Den Norske Israelsmisjon 1976-81, med bustad i Haifa i Israel. Samtidig var han eksekutivsekretær for Bibelselskapet i Israel og for Bibelselskapet på Vestbreidda - for dei sameinte bibelselskapa. Deretter styrar for Caspari Center for bibelske og jødiske studier, 1982-86, og generalsekretær i Det Norske Bibelselskap, 1986-96.
Mellom 1996 og 1998 var han domprost i Oslo domkyrkje. I 1998 vart han så utnemnd til biskop av Borg, ei stilling han hadde fram til han, 11. mars 2005, vart biskop av Oslo og flytta inn i Prestegården på Blindern, biskopbustaden i Oslo. Kvarme gjekk av som biskop i Oslo 30. september 2017.[1]
Diskusjon før utnemninga til biskop i Oslo
endreDet har vore sterk debatt rundt nokre av Kvarme sine standpunkt og uttalingar om homofile prestar, der Kvarme hadde stadfesta at han sjølv ikkje ønskte å innsetje eller ordinere prestar som lever i homofilt partnarskap.[2]
Under ein lang nominasjons- og avstemmingsprosess til bispestolen i Oslo vart Kvarme sin lojalitet til eit vedtak frå den norske kyrkja sitt øvste organ, kyrkjemøtet frå 1997, framheva som eit problem av motstandarar av kandidaturet hans. Den avtroppande biskopen, Gunnar Stålsett, hadde i ord og handling fristilt seg frå dette vedtaket, mellom anna ved å tilsetje prestar som levde i homofilt samliv og ved å presteordinere kandidatar som levde i slike samband, og dette hadde vorte vel teke imot, mellom anna i sentrale politiske krinsar i hovudstaden. Dei to eller tre andre kandidatane som regjeringa hadde til utval ved avslutninga av rådgjevingsprosessen, hadde gjeve til kjenne ei haldning som likna på Stålsett si. Kvarme vert omtala som ein moderat konservativ. 11. mars 2005 vart han utnemnd til stillinga biskop i Oslo av Kongen i statsråd. To av statsrådane stemde imot utnemninga.
Tillitsverv
endre- Leiar i Israels Forente Kristne Råd
- Medlem av Kirkenes Verdensråds Consultation on the Church and the Jewish People
- Medlem i forstandarskapen i Menighetsfakultetet.
- Medlem i forstandarskapen i avisa Vårt Land.
- President i Lausanne Consultation on Jewish Evangelism
- Medlem i Dialoggruppe for Lutherske Verdensforbund og Syvendedagsadventistenes Generalkonferanse.
- Leiar for den nasjonale, felleskristne komitéen for markeringa av år 2000.
Publikasjonar
endre- 1985 – Kirkens jødiske røtter, Oslo
- 1986 – Apostlenes Gjerninger - studiebok på hebraisk, Jerusalem
- 1991 – Bibelen i Norge, Oslo
- 1992 – Evighet i tiden. En bok om jødisk sabbatsglede og kristen søndagsfeiring, Oslo
- 1995 – Evangeliet i vår kultur, Oslo (saman med Olav Fykse Tveit).
- 1996 – Åtte dager i Jerusalem. En bok om Jesu påske, om jødisk og kristen påskefeiring, Oslo
- 1997 – Gjennom det gode landet, Oslo
Kjelder
endre- ↑ «Biskop Kvarme går av på grunn av sykdom». VG (på norsk). Henta 18. januar 2017.
- ↑ http://www.universitas.no/?sak=46489
Bakgrunnsstoff
endre- www.kvarme.net Arkivert 2017-09-26 ved Wayback Machine.