Hillbilly

Hillbilly er eit kallenamn på bønder frå avsidesliggande skog- og fjellstrøk i Sørstatane i USA. Det vert òg nytta om folkemusikken (hillbilly music) som kjem frå desse traktene. Uttrykket har ei stereotypisk tyding og vert ofte rekna som nedsetjande.

Hillbilly Hot Dogs, ein pølsekiosk nær Huntington i West Virginia.

Den «klassiske» hillbilly-stereotypen er ein fattig, uvitande, kranglande familie med mange barn som driv med heimebrenning.

MusikkEndra

 
«Migrantfamilie frå Arkansas som speller hill-billysongar».
Foto: Dorothea Lange for Farm Security Administration/WPA, 1939

Hillbilly music var ein gong rekna som ein akseptabel merkelapp på det som i dag vert kalla country. Somme artistar, mellom anna Hank Williams Sr., fann uttrykket støytande, sjølv i glansperioden. Uttrykket vart skapt av country-pianisten Al Hopkins,[1] og vart nytta til ut i 1950-åra.

Sjølv om uttrykket hillbilly vert rekna som nedsetjande, vert likevel hillybilly music stundom nytta for å skildre old-time music. Ein av dei første songane som inneheldt ordet hillbilly var «Hillybilly Boogie» av Delmore Brothers i 1946. I 1920-åra vart det spelt inn plater med eit band kalla the Beverly Hillybillies.

Populære songar med stil som var karakteristisk for både hillbilly og afroamerikansk musikk, vart seint i 1940- og tidleg i 1950-åra kalla hillbilly boogie, og i midten av 1950-åra som rockabilly. Elvis Presley var ein kjend rockabilly-artist og vart tidleg i karrieren sin kalla «Hillbilly Cat». Då Country Music Association vart skipa i 1958, forsvann uttrykket hillbilly music gradvis ut. Rockabilly er derimot framleis eit vanleg uttrykk.[2]

Seinare slo musikkindustrien hillbilly-musikk, western swing og cowboy-musikk til den noverande kategorien Country and Western (C&W).

«Gudfaren av bluegrass», Bill Monroe (1911–96) prøvde å distansere seg frå hillbilly-namnet og -utsjånaden då han byrja å spele med gruppa si, Blue Grass Boys, i 1939.[3] Vassar Clements (1928–2005), felemeister hjå Monroe i ei årrekkje. såg annleis på det etter at han braut med Monroe. Han utvikla ei musikkform han kalla «hillbilly jazz». Og seinare vart det skipa bluegrassgrupper som Bluegrass Hillbillies,[4] Lovesick Hillbillies Bluegrass Band[5] og Hillbilly Gypsies.[6][7]

ReferansarEndra

  1. Sanjek, David (2004). Eric Weisbard, red. All the Memories Money Can Buy: Marketing Authenticity and Manufacturing Authorship. This is Pop (Harvard University Press). s. 156–157. ISBN 0-674-01321-2. 
  2. «Rock a Billy Hall». 
  3. «Bill Monroe - Digital Heritage». Digital Heritage (på engelsk). 30. august 2010. 
  4. 4theLOVEofVINYL (1. mars 2009), BLUEGRASS HILLBILLIES: NINE POUND HAMMER, henta 21. oktober 2018 
  5. http://www.lovesickhillbillies.com/
  6. «The Hillbilly Gypsies», www.thehillbillygypsies.com (på engelsk), henta 21. oktober 2018 
  7. Banjoslug (24. september 2006), The Hillbilly Gypsies - "Fire on the Mountain" - LIVE, henta 21. oktober 2018 

KjelderEndra

  • Denne artikkelen bygger delvis på «Hillbilly» frå Wikipedia på engelsk, den 29. mars 2011.
  • Dessauer, Phil "Springfield, Mo.-Radio City of Country Music" (April, 1957), Coronet
  • Hillbilly, A Cultural History of an American Icon, by Anthony Harkins
  • Hillbillyland: What the Movies Did to the Mountains & What the Mountains Did to the Movies, by J. W. Williamson