Rockabilly er ei av dei tidlegaste formene for rock and roll og oppstod tidleg i 1950-åra.

Bill Haley spelte inn «Rocket 88» i 1951, noko som er rekna som den første rockabilly-innspelinga.
«Crawdad Hole» i ei innspeling av Jack Earls and the Jimbos frå 1956.

Uttrykket rockabilly er ei samantrekking av rock'n'roll og hillbilly. Sistnemnde referer til country, som ofte vart kalla hillbilly music i 1940- og 1950-åra og som medverka til utviklinga av sjangeren. Andre musikkstilar som påverka sjangeren var western swing, blues, boogie woogie og jump blues. Sjølv om det er nokre viktige unntak oppstod sjangeren hovudsakleg i Sørstatane i USA.

Påverknaden han hadde og populariteten til sjangeren minka utover 1960-åra, men seint på 1970-talet og tidleg på 1980-talet fekk rockabilly ein stor oppgang igjen og har halde seg relativt populær sidan den gong, ofte innanfor ein rockabillykultur.

Opphav endre

Det var eit nært band mellom blues og country frå dei aller først countryinnspelingane i 1920-åra. Den første nasjonale «country»-hitten i USA var «Wreck of the Old '97»,[1] med «Lonesome Road Blues» som B-side, som òg vart særs populær.[2] Jimmie Rodgers, den «første verkelege countrystjerna», vart kjend som «Blue Yodeler» («den blå jodlaren») og dei fleste songane hans hadde ein akkordprogresjon som i blues, men med heilt andre instrument og eit anna lydbilete enn sine svarte kollegaer som Blind Lemon Jefferson og Bessie Smith.[3]

I 1930- og 1940-åra dukka to nye lydbilete opp som blanda country med dåverande svarte musikkstilar. Bob Wills and his Texas Playboys var i førarsetet for Western Swing, som kombinerte countrysynging og steel gitar med storbandjazz og blåsarar. Willis sin musikk vart særs populær. Etter at bluesartistar som Meade Lux Lewis og Pete Johnson introduserte boogie-musikk for heile landet i 1938, byrja countryartistar som Moon Mullican, the Delmore Brothers, Tennessee Ernie Ford og the Maddox Brothers and Rose å spele noko som vart kalla «Hillbilly Boogie», som bestod av «hillbilly»-vokal og instrument med ein boogiebasstil.[4]

The Maddox Brothers and Rose var ei av dei fremste gruppene innan rockabilly med ein slapbass som Fred Maddox utvikla[5] Andre meiner òg at dei ikkje berre var ei av dei fremste gruppene, men at dei var ei av dei første, om ikkje den første, rockabilly-gruppa.[6]

Bill Monroe er kjend som opphavet til bluegrass, ein særeigen countrysjanger. Mange av songane hans hadde ei bluesform, medan andre tok form som folkeballadar, salongsongar eller valsar. Bluegrass var ein viktig del av country tidleg i 1950-åra og vert ofte nemnd som ein del av utviklinga av rockablly.[7]

Honky Tonk-stilen, som ofte fokuserte på arbeidarklassen med tema som tapt kjærleik, utruskap, alkoholisme og sjølvmedkjensle, inkluderte energiske, raske Hillbilly boogie-songar. Enkelte kjende artistar som spelte inn denne typen songar var the Delmore Brothers, the Maddox Brothers and Rose, Merle Travis, Hank Williams, Hank Snow og Tennessee Ernie Ford.[8]

Curtis Gordon sin «Rompin' and Stompin'» frå 1953 er ein rask hillbilly-boogie-song som har tekstlinja «Way down south where I was born, They rocked all night 'til early morn', They start rockin', They start rockin' an rollin'.»[9]

Memphis i Tennessee endre

The Saturday Night Jamboree endre

The Saturday Night Jamboree var ein lokal konsert som vart halden kvar laurdagskveld ved Goodwyn Institute Auditorium i Memphis i Tennessee i 1953-54. Det som derimot var viktigare her var det som gjekk føre seg i garderobane bak scenen. Her samla musikarar seg og eksperimenterte med nye stilar der dei blanda rask country, gospel, blues og boogie woogie. Musikarane kom med nye gitarbitar som dei hadde utvikla og lære dei bort til andre, medan dei sjølv lærte andre sine gitarbitar. Etter kvart vart dei nye stilane prøvd ut på publikum.

I løpet av eitt år spelte desse musikarane inn desse songane i platestudio rundt om i byen. Eit par år seinare vart denne musikken kalla rockabilly. The Saturday Night Jamboree var derfor truleg den første staden der det vart spelt rockabilly.[10]

«Dixie Fried» framført av Carl Perkins.

Carl Perkins endre

Bondesønene Carl Perkins, Jay Perkins og Clayton Perkins, i lag med trommeslagar W. S. Holland, hadde spelt sin eigen musikk om lag 150 km frå Memphis. The Perkins Brothers Band, med Carl og Jay på vokal var raskt eit av dei heitaste banda i honkytonk-kretsar i Jackson i Tennessee. Dei spelte mange klassiske hillbilly-songar, som Hank Williams sine, men i eit raskare tempo.[11] Det var her Carl Perkins utvikla sine første songar med tanke på framtida. Han såg etter teikn på dansegolvet og utvikla ein meir rytmisk-basert musikkstil som verken var country eller blues, men som hadde element av begge. Han sende demosongar til plateselskap i New York City, men fekk til svar at stilen hans ikkje passa inn i den kommersielle trenden. Dette skulle derimot endre seg i 1954.[12][13]

Uttrykket rockabilly endre

Sjølv om uttrykket var vanleg før the Burnettes skreiv «Rock Billy Boogie» var ein av dei første gongane rockabilly stod på trykk den 23. juni 1956 i Billboard sin kritikk av Ruckus Tyler sin song «Rock Town Rock».[14]

Den første plata som inneheldt ordet «rockabilly» i ein songtittel vart gjeve ut i november 1956 og heitte «Rock a Billy Gal».[15]

Nord for Mason Dixon-linja endre

Bill Haley endre

I 1951 spelte Bill Haley inn ein versjon av «Rocket 88» med gruppa si the Saddlemen. Dette vert rekna som ein av dei første rockabilly-innspelingane og vart etterfølgd av versjonar av «Rock the Joint» i 1952 og originalane «Real Rock Drive» og «Crazy Man, Crazy», sistnemnde nådde 12. plass på Billboard-lista i 1953.[16]

12. april 1954 spelte Haley og bandet hans (som no heitte Bill Haley & His Comets) inn «Rock Around the Clock» for Decca Records i New York City. Då denne kom ut i mai same året gjekk den inn på 23. plass på salslista og selde 75 000 eksemplar.[17] Eit år seinare opna songen filmen Blackboard Jungle og raskt etterpå toppa han listene i heile verda. I USA låg songen på førsteplass i åtte veker og hamna på 2. pass på Billboard si Hot 100-liste for 1955.[18]

Bill Flagg endre

Bill Flagg frå Connecticut byrja å kalle kombinasjonen sin av rock 'n' roll og hillbillymusikk for rockabilly så tidleg som i 1953.[19] Han spelte inn fleire songar for Tetra Records i 1956 og 1957. «Go Cat Go» gjekk inn på den nasjonale salslista i 1956 og hans «Guitar Rock» vert rekna som ein klassisk rockabillysong.

Elvis Presley endre

Sun Records var eit lite sjølvstendig plateselskap styrt av Sam Phillips i Memphis, Tennessee. I fleire år hadde Phillips spelt inn og gjeve ut artistar innan blues og country frå nærområdet. Han hadde òg eit tilbod der kven som helst kunne kome inn i studio for $3.98 (pluss moms) å spele inn ei plate med to songar. Ein ung mann som kom får å spele inn ei slik plate, i følgje han sjølv for å overraske mora, var Elvis Presley.[20]

Presley gjorde godt inntrykk på Phillips sin faste gitarist Scotty Moore, som så i lag med bassist Bill Black gjekk i saman for å arbeide med den unge Elvis. Begge var frå eit lokalt western swing-band kalla the Starlight Wranglers, .[21] Trioen øvde inn fleire songar, frå tradisjonell country, til «Harbor Lights», ein hitt for vokalisten Bing Crosby[22] til gospel. Under ein pause den 5. juli 1954 spratt Elvis opp og starta å spele gitar og synge «That's Alright, Mama» (ein bluessong av Arthur «Big Boy» Crudup frå 1946). More og Black heiv seg på og Phillips vart så begeistra at han bad dei starte på nytt att så han kunne spele det inn. Etter eit par forsøk var singelen innspelt og 19. juli 1954 vart songen i lag med «Blue Moon of Kentucky», ein standard countrysong, gjeve ut på singel.[23]

Då «That's Alright» vart spelt på radio i Memphis starta lyttarar å ringe inn for å spørje etter songen, men frå 18. august 1954 til 8. desember 1954 var likevel «Blue Moon of Kentucky» heile tida høgare på listene.[24] Ingen var sikre på kva dei skulle kalle denne musikken så Elvis vart skildra som «The Hillbilly Cat» og «King of Western Bop». Dei neste åra spelte Elvis inn fire singlar til for Sun. Desse songane var med på å definere sjangeren rockabilly med slapbass, gitarplukking, mykje ekko og vokal med hikke, stamming og sprang frå falsett til djup bass og tilbake igjen.[25][26]

Mot slutten av 1954 spurte Elvis trommeslagaren D.J. Fontana om han ville vere med dei å spele trommer.[27]. Andre rockabilly-artistar nytta òg trommer på denne tida, men dei var sjeldne å høyre i country. Sun-singlane til Elvis Presley kombinerte ein bluessong på eine sida med ein countrysong på den andre, men begge vart sunge på same måte.[28]

Cash, Perkins og Presley endre

I 1954 spelte både Johnny Cash og Carl Perkins for Sam Phillips. Cash håpte på å spele inn gospelmusikk, men Phillips sa nei til dette. Cash kom ikkje tilbake før i 1955. I oktober 1954 møtte Carl Perkins og The Perkins Brothers Band opp ved Sun Studios. Phillips spelte inn Perkins sin originale song «Movie Magg», som vart gjeve ut på singel tidleg i mars 1955 på selskapet Flip, som var eit countrymusikkselskap.[29]

Den andre og tredje innspelinga til Elvis vart ikkje ein like stor suksess som den første.[30] Den fjerde kom i mai 1955 og var «Baby, Let’s Play House», som nådde femte plass på den nasjonale countrylista til Billboard.[24]

Cash kom tilbake til Sun i 1955 med songen sin «Hey Porter» og gruppa the Tennessee Three, som vart the Tennessee Two før innspelinga var over. Denne songen og ein annan Cash-song kalla «Cry! Cry! Cry!» vart gjevne ut i juli dette året.[31] «Cry, Cry, Cry» kom inn på Billboard si topp 20-liste og nådde 14. plass.[32]

I august gav Elvis ut songane «I Forgot To Remember To Forget» og «Mystery Train» på Sun. Den førstnemnde låg totalt 39 veker på countrylista til Billboard, mellom anna fem veker på førsteplass, medan «Mystery Train» nådde 11. plass.

Gjennom det meste av 1955 turnerte Cash, Perkins, Presley og andre Louisiana Hayride-artistar gjennom Texas, Arkansas, Louisiana og Mississippi. Sun gav ut to Perkins-songar til i oktober, «Gone, Gone, Gone» og «Let the Jukebox Keep on Playing».[33]

1955 var òg året då Chuck Berry gav ut den hillbilly-aktige «Maybellene», som nådde høgt opp på salslistene og Bill Haley & His Comets gav ut «Rock Around the Clock».[34]. Rock 'n' roll generelt, og særleg rockabilly, fekk eit gjennombrot dette året og Elvis Presley sine «Heartbreak Hotel» og «Don't Be Cruel» toppa òg Billboardlista i 1956.[35].

Innspelingsteknikkar endre

«Greenback Dollar, Watch and Chain» framført av Ray Harris i 1957, med mellom anna Jerry Lee Lewis på piano og Roy Orbison som korar.

Rockabillyinnspelingane nytta ofte forskjellige ekko- og klangeffektar. Den særeigne gjenklangen på tidlege plater som «Rock Around the Clock» av Bill Haley & His Comets vart oppnådd ved at bandet spelte inn songen i eit rom med eit tak forma som ein kuppel i Decca sitt studio i New York. Same stad vart òg nytta av artistar som Buddy Holly og The Rock and Roll Trio. [36][37]

I Memphis nytta Sam Phillips forskjellige teknikkar for å skape ein liknande klang. Han nytta ein bandekko-teknikk der lydsignalet vart sendt gjennom to bandsystem, der det eine var ørlite forseinka i forhold til det første.[38]

Etter at Elvis Presley forlet Sun Records og spelte inn «Heartbreak Hotel» for RCA, plasserte produsentane der mikrofonar i enden av ein gang for å oppnå liknande effekt.

1956: Rockabilly slår gjennom endre

I januar 1957 vart tre singlar av Cash, Perkins og Presley gjeve ut, «Folsom Prison Blues» av Cash og «Blue Suede Shoes» av Perkins, begge på Sun, og «Heartbreak Hotel» av Presley på RCA. Andre rockabillysongar denne månaden var «See You Later Alligator» av Roy Hall og «Whole Lotta Shakin' Goin' On» av the Commodores.[39]

Perkins sin «Blue Suede Shoes» selde ein periode 20 000 eksemplar om dagen og var den første countrysongen som selde over ein million og som kom inn på både rhythm and blues- og poplista.[40]

Sun og RCA var ikkje dei einaste plateselskapa som gav ut rockabillymusikk. I mars gav Columbia Records ut «Honky Tonk Man» av Johnny Horton,[41] King gav ut «Seven Nights to Rock» av Moon Mullican, Mercury gav ut «Rockin’ Daddy» av Eddie Bond[42] og Starday gav ut Bill Mack sin «Fat Woman».[43]

To unge menn frå Texas platedebuterte i april 1956, Buddy Holly på Decca og Roy Orbison med «Ooby Dooby», som medlem av the Teen Kings på Je-wel.[44] Holly sine store hittar vart ikkje gjevne ut før i 1957.

Gene Vincent and His Blue Caps si innspeling av «Be-Bop-A-Lula» vart gjeve ut 2. juni 1956 med «Woman Love» som b-side. I løpet av 21 dagar selde han meir enn ein million eksemplar.[45][46]

Wanda Jackson vart kalla «Queen of Rockabilly» og den første plata hennar, «I Gotta Know» kom ut i juli på Capitol Records, etterfølgd av «Hot Dog That Made Him Mad» i november. Capitol gav ut ni singlar til med Jackson i løpet av 50-åra og fleire av dei hadde ho skrive sjølv.[47]

Den første plata til Jerry Lee Lewis kom ut 22. desember 1956 og inneheldt songen «Crazy Arms», som hadde Ray Price hadde hatt på førsteplass tjue veker tidlegare[48] i lag med «End of the Road».[49] Lewis hadde fleire store hittar i 1957 med sin eigen versjon av «Whole Lot Of Shakin' Going On» i mai og «Great Balls Of Fire» på Sun.[50]

Andre rockabilly-artistar frå denne perioden var mellom anna Billy Lee Riley, Sonny Burgess, Charlie Feathers og Warren Smith på Sun, samt kvinnelege artistar som Wanda Jackson, Janis Martin, Jo Ann Campbell og Alys Lesley.

Rockabilly var særs populær i 1956-1957, men vart mindre spelt på radio etter 1960. Medverkande faktorar til dette var Buddy Holly sitt dødsfall i 1959 og at Elvis Presley måtte inn i militæret i 1958, samt ei generell endring i amerikansk musikksmak. Stilen heldt seg populær i Europa til ut på midten av 1960-talet.

Kulturell innverknad endre

Den kulturelle inverknaden til musikken var uungåeleg. Dette kom hovudsakleg av Elvis Presley som kombinserte musikalske nyvinngar og opprøret til Hank Williams med karismaen til James Dean. Presley sin vakre utsjånad, skandaløst sexy konsertar og innovative musikk gjorde han til ein helt for tenåringane på denne tida. Som følgje av dette vart musikken hans og etterkomarane hans ein sentral samlande faktor for ungdomskulturen den siste halvdelen av 1900-talet.

Rockabilly hadde ein haldning som var tiltrekkande for tenåringar. Dette var ein kombinasjonen av opprør, seksualitet og fridom. Det var den første rock 'n' roll stilen som hovudsakleg vart framført av kvite artistar og som slik sett sette i gang ein kulturell revolusjon som ein framleis merkar effektane av i dag.[51][52]

Påverknaden på The Beatles og den britiske invasjonen endre

Den første bølgja av rockabillytilhengjarar i Storbritannia vart kalla Teddy Boys, fordi dei gjekk med lange frakkar i edwardsk stil, tronge svarte bukser og creepers-sko. Tidleg i 1960-åra hadde dei vorte rockarar i t-skjorter og skinnjakker. Rockarane elska rock 'n' roll-artistane frå 50-åra som Gene Vincent og enkelte britiske rockabillytilhengjarar danna band og spelte si eiga utgåve av denne musikken.

Den mest kjende av desse banda var the Beatles. Då John Lennon først møtte Paul McCartney vart han imponert av at McCartney kunne alle grepa og teksten til Eddie Cochran sin «Twenty Flight Rock». Etter at bandet vart meir professjonelle og byrja å spele i Hamburg tok dei namnet the Beatles inspirert av Buddy Holly sitt Crickets, og dei tok etter stilen til Gene Vincent med svart lêr. Musikalsk blanda dei Holly sin melodiske pop med rocken til Vincent og Carl Perkins. Då the Beatles vart verdsstjerner gav bandet ut tre forskjellige Carl Perkins-songar.

Lenge etter at bandet gjekk frå kvarandre heldt medlemmene fram med å vise interesse for rockabilly. I 1975 gav til dømes Lennon ut albumet «Rock 'n' Roll» med rockabilly-songar og eit plateomslag med bilete av han med same stil som Gene Vincent. I 1980-åra spelte McCartney inn ein duett med Carl Perkins og George Harrison spelte i Traveling Wilburys.

The Beatles var ikkje dei einaste frå den britiske invasjonen som var påverka av rockabilly. Rolling Stones spelte inn Buddy Holly sin «Not Fade Away» tidleg i karrieren. Trass i modstilen til The Who spelte dei Eddie Cochran sin «Summertime Blues», og sjølv tunge gitarheltar som Jeff Beck og Jimmy Page var påverka av rockabillyaristar.

Elvis sitt comeback og nostalgia i 1970-åra endre

I 1968 hadde den britiske invasjonen stort sett jaga dei eldre amerikanske rockeartistane ut frå salslistene. Dei fleste av rockabillyartistane frå 1950-åra som framleis var i live, som Jerry Lee Lewis og Carl Perkins, hadde flytta på landet og Elvis Presley som spelte i ei endelaus rekkje av dårlege filmar høyrde tilsynelatande til fortida sjølv om han berre var i 30-årsalderen.

I desember 1968 dukka Elvis opp på ei NBC-TV-sending og skapte stor forventing hos platekjøparar. Songar som «Suspicious Minds», «Promised Land» og «Burning Love» var alle klassiske Presley songar som selde stort internasjonalt. Elvis returnerte til scenen og sette fleire publikumsrekordar i USA.[53]

Etter Elvis kom tilbake vekka dette ei ny interesse for 50-talsmusikk. Eit ungt band frå San Francisco, Creedence Clearwater Revival, vart ei av dei mestseljande rockegruppene i perioden og spelte gammal rockabilly og nye songar skrive i same stil. Don McLean had ein enorm hit med «American Pie» som omhandla dødsfallet til Buddy Holly. I 1973 kom George Lucas med filmen American Graffiti. Filmen og den populære filmmusikken skapte ei bølgje med 50-talsnostalgi, og snart dukka TV-serien Happy Days opp. Mange artistar kasta seg på bølgja og byrje å halde «oldies»-konsertar. Sjølv om ingen av desse artistane klarte å oppnå same suksess som 50-talsutgåva, skapte dei ein ny interesse for musikken frå 50-talet.[54]

Då Elvis døydde i 1977 førte dette til at Presley sin musikk hamna på radio i månadsvis og forsøk på å dokumenterte den tidlege historia til rock 'n' roll byrja å nå ut til dei store massane.

Rockabilly i seinare år endre

I løpet av 1970-åra vart det i aukande grad fleire og fleire ungdommar som byrja å mislike «lett rock» og disco, som dominerte salslistene, i tillegg til «kunstrock-» og progressiv rock-band som hadde vorte altfor pretensiøse og oppsvulma. Denne ungdomen ønskte å gå tilbake til ein enklare, høgare og raskare musikk som var meir i samsvar med opphavleg rock 'n' roll. Enkelte musikarar byrja å forenkle lydbilete til tre akkordar, høge gitarar og skrikande vokalar, og danna tidleg punkrock. Andre artistar gjekk tilbake til den opphavlege rock and roll-musikken frå 1950-talet for inspirasjon og seint på 1970-talet dukka det opp ei ny bølgje med rockabilly-artistar i undergrunnsmiljøa. Tidleg i 1980-åra hadde eit fåtal band, som the Stray Cats, klart å nå salslistene.

Shakin' Stevens var ein songar frå Wales som vart kjend i Storbritannia etter å ha spelt Elvis i eit teaterstykke. I 1980 gjorde han ein versjon av The Blasters sin «Marie Marie» som gjekk inn på Topp 20 i Storbritannia. Versjonane hans av songar som «This Ole House» og «Green Door» vart store hittar i Europa. Shakin’ Stevens var på 80-talet den artisten som selde nestmest singlar i Europa, meir enn Michael Jackson, Prince og Bruce Springsteen. Han var derimot aldri populær i USA.[55]

The Cramps steig ut frå punk-miljøet ved New York-klubben CBGB og kombinerte primitiv og vill rockabilly med tekstar inspirert av gamle drive-in-skrekkfilmar som «Human Fly» og «I Was a Teenage Werewolf». Denne musikken fekk namnet «psychobilly» og påverka The Meteors og Reverend Horton Heat.[56]

Queen gjorde ære på rockabilly med «Crazy Little Thing Called Love» i 1979, den siste rockabillysongen som nådde førsteplass på Billboard Hot 100.

 
Konsert med The Stray Cats i 2004

The Stray Cats var det meste suksessfulle av dei nye rockabilly-artistane. Dei oppstod på Long Island i 1979 då Brian Setzer slo seg saman med to skulekameratar som kalla seg sjølv Lee Rocker og Slim Jim Phantom. Trioen tok opp ein Gene Vincent-stil. Dei fekk lite merksemd i New York og flytta til London i 1980, der dei hadde høyrt om eit aktiv rockabillymiljø. Tidlege konsertar av bandet vert sett av the Rolling Stones og Dave Edmunds, som raskt hjelpte bandet til eit platestudio. I løpet av kort tid hadde Stray Cats tre Topp 10-singlar i Storbritannia og to bestsellaralbum. Etter kvart fekk dei suksess òg i USA.

Jason & The Scorchers kombinerte heavy metal, Chuck Berry og Hank Williams og danna ei moderne utgåve av rockabilly. Sjølv om mange stempla dei som alt-country eller cowpunk gjorde Jason and the Scorchers det same som Elvis og andre gjorde i 1950-åra med å blande den mest rocka musikken som var tilgjengeleg på den tida med country for å lage ein ny stil. Bandet slo derimot aldri heilt an.[57]

Mange andre band som kasta seg på rockabilly-bølgja tidleg på 1980-talet var the Rockats, Danny Dean and the Homewreckers, The Shakin' Pyramids, The Polecats, Zantees, The Kingbees, Leroi Brothers, The Nervous Fellas, Lone Justice og Chris Isaak.

Nær knytt til det nye rockabilly-miljøet var Roots Rock-rørsla som heldt på gjennom 1980-åra. Artistar i denne sjangeren var mellom anna James Intveld, the Beat Farmers, Del-Lords, Long Ryders, The Fabulous Thunderbirds, Los Lobos, The Fleshtones, Del Fuegos og Barrence Whitfield and the Savages. Desse gruppene var inspirert av ei heil rekkje amerikanske musikkstilar som blues, country, rockabilly, R&B og New Orleans-jazz. Dei fekk ein stor tilhengjarskare hos folk som var lei kommersielle og MTV-aktig technopop og glam metal, som dominerte radio på denne tida. Ingen av desse artistane var særleg store.[58]

I 1983 gav Neil Young ut eit rockabilly album kalla Everybody's Rockin'. Albumet vart ikkje ein suksess og Neil Young vart så saksøkt av Geffen Records fordi «han ikkje høyrdest ut som Neil Young».[59]

 
Hank Williams, Jr

I løpet av 1980-talet var det fleire countryartistar som gjorde innspelingar i rockabilly-stil. Marty Stuart sin «Hillbilly Rock» og Hank Williams, Jr. sin «All My Rowdy Friends Are Coming Over Tonight» var døme på denne trenden.

Ingen rockabillyartistar har hatt same suksess som Stray Cats hadde i 1980-åra, men framleis finst det fleire rockabillymiljø. I Noreg har Vidar Busk gjeve ut rockabilly-musikk på 1990- og 2000-talet.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Blueridgeinstitute.org, arkivert frå originalen 6. desember 2010, henta 6. september 2008 
  2. Lawrence Cohn, Mary Katherine Aldin og Bruce Bastin (1993). Nothing but the Blues: The Music og the Musicians. Abbeville Press. s. 238. ISBN 978-1558592711. 
  3. Mystery Train: Images of America in Rock ‘n’ Roll Music by Greil Marcus 1982 E.P. Dutton s.291
  4. Country: The Twisted Roots of Rock & Roll by Nick Tosches 1996 Da Capo Press
  5. npr.org, arkivert frå originalen 4. juli 2003, henta 4. juli 2003 
  6. kcmuseum.org, arkivert frå originalen 4. august 2012, henta 6. september 2008 
  7. Bluegrass Breakdown: The Making of the Old Southern Sound av Robert Cantwell 1992 Da Capo Press
  8. "The Roots of Rock 'n' Roll 1946-1954" 2004 Universal Music Enterprises
  9. Curtis Gordon innspelingar Arkivert 2010-04-08 ved Wayback Machine.[1] Arkivert 2010-02-04 ved Wayback Machine.[2]
  10. rockabillyhall.com, arkivert frå originalen 21. desember 2008, henta 6. september 2008 
  11. «The Rockabilly Legends; They Called It Rockabilly Long Before they Called It Rock and roll» av Jerry Naylor og Steve Halliday ISBN-13;: 978-I-4234-2042-2
  12. Rolling Stone om Carl Perkins, arkivert frå originalen 9. april 2007, henta 6. september 2008 
  13. Rockabillyhall om Carl Perkina
  14. [3][daud lenkje]
  15. RCS database[daud lenkje]
  16. RCS, arkivert frå originalen 24. mars 2010, henta 5. desember 2009 
  17. Starpulse, arkivert frå originalen 26. september 2007, henta 6. september 2008 
  18. Billboard Hot 100 1955
  19. Rockabillyhall, arkivert frå originalen 6. oktober 2008, henta 6. september 2008 
  20. "Newsweek" August 18, 1997 "Good Rockin' side 54
  21. "Newsweek" August 18, 1997 "Good Rockin' side 55
  22. time.com, arkivert frå originalen 28. februar 2009, henta 6. september 2008 
  23. "Newsweek" 18. august, 1997 Good Rockin' s. 55
  24. 24,0 24,1 elvis.com
  25. Miller, Jim (redaktør). The Rolling Stone Illustrated History of Rock & Roll (1976). New York: Rolling Stone Press/Random House. ISBN 0-394-40327-4. s. 64-67)
  26. Sun Records: An Oral History av John Floyd 1998 Avon Books s. 29
  27. "Newsweek" August 18, 1997 "Good Rockin' s. 57
  28. bsnpubs.com, arkivert frå originalen 16. oktober 2007, henta 6. september 2008 
  29. Movie Magg, arkivert frå originalen 13. juli 2012, henta 5. desember 2009 
  30. Elvis Presley Classic Albums DVD by Eagle Eye Media EE19007 NTSC Ernst Jorgenen Historian og RCA producer
  31. Hey Porter, arkivert frå originalen 16. mars 2010, henta 5. desember 2009 
  32. Johnny Cash på cmt.com
  33. Gone, Gone, Gone, arkivert frå originalen 17. juli 2012, henta 5. desember 2009 
  34. Billboard 1955
  35. Billboard 1956
  36. Innspelingsteknikkar, arkivert frå originalen 11. juni 2008, henta 6. september 2008 
  37. Buddy Holly
  38. Rock & Roll: An Unruly History (1995) Robert Palmer page 202 ISBN 0-517-70050-6
  39. [4][5]Singlar i januar 1956 Arkivert 2008-06-12 ved Wayback Machine.
  40. NPR om Blue Suede Shoes
  41. Honky Tonk Man, arkivert frå originalen 15. mars 2010, henta 5. desember 2009 
  42. Rockin Daddy, arkivert frå originalen 17. mars 2010, henta 5. desember 2009 
  43. Fat Woman[daud lenkje]
  44. Ooby Dooby[daud lenkje]
  45. Be-Bop-a-Lula, arkivert frå originalen 26. mars 2010, henta 5. desember 2009 
  46. The Rockabilly Legends; They Called It Rockabilly Long Before they Called It Rock and roll av Jerry Naylor og Steve Halliday s 220 ISBN-13;: 978-I-4234-2042-2
  47. [6]Wanda Jackson Arkivert 2012-07-13 ved Archive.is
  48. Ray Price at Country Hall of Fame
  49. Jerry Lee Lewis: Sun 259[daud lenkje]
  50. Jerry Lee Lewis: Sun 281[daud lenkje]
  51. allmusic
  52. Mystery Train: Images of America in Rock ‘n’ Roll Music av Greil Marcus 1982 E.P. Dutton s.154-156, 169
  53. Mystery Train: Images of America in Rock ‘n’ Roll Music av Greil Marcus 1982 E.P. Dutton s.147-150
  54. Rockabilly: A Forty Year Journey by Billy Poore 1998 Hal Leonard Publishing s.157-179
  55. Rockabilly: A Forty Year Journey av Billy Poore 1998 Hal Leonard Publishing s.176-178
  56. The Rolling Stone Review 1985 Edited by Ira Robbins 1985 Rolling Stone Press/Charles Scribner’s Sons New York s.89
  57. The Rolling Stone Review 1985 Edited by Ira Robbins 1985 Rolling Stone Press/Charles Scribner’s Sons New York s.193-194
  58. The Rolling Stone Review 1985 Edited by Ira Robbins 1985 Rolling Stone Press/Charles Scribner’s Sons New York s.172-175
  59. Neil Young - MSN Encarta, arkivert frå originalen 31. oktober 2009, henta 6. september 2008 

Bakgrunnsstoff endre