Hintere Schwärze

Hintere Schwärze er ein 3 624 meter over havet høg fjelltopp i Ötztaleralpane, på grensa mellom den italienske provinsen Bolzano og det austerrikske forbundslandet Tirol.

Hintere Schwärze
fjell
Hintere Schwärze, sett frå Similaun
Land  Austerrike
Fjellkjede Ötztaleralpane
Høgd 3 624 moh.
Primærfaktor 854 m
Førstestiging 1867
Koordinatar 46°46′24″N 10°54′53″E / 46.77333°N 10.91472°E / 46.77333; 10.91472
Kart
Hintere Schwärze
46°46′24″N 10°54′53″E / 46.773333333333°N 10.914722222222°E / 46.773333333333; 10.914722222222
Wikimedia Commons: Hintere Schwärze

Hintere Schwärze, som reiser seg på fjellryggen Schmalskamm, sender kvasse egger mot nord, aust og sørvest. Mykje godt heile fjellet er omkransa og dekt av isbrear; i nordaust Schalfferner, i sør den i seinare år mykje avsmelta Roßbergferner, og i nordvest Marzellferner.

Fjelltoppen ligg i luftlinje om lag 10 kilometer sør for landsbyen Vent i Ötztal. Grannefjella til Hinter Schwärze er; i nord det 3 538 moh høge Mutmalspitze, i aust 3 393 moh høge Rötenspitze. Det 3 555 moh høge Marzellspitze ligg sør for toppen.

Ernst Pfeiffer frå Wien hadde fylgje med fjellførarane Benedict Klotz og Josef Scheiber då dei 10. september 1867 vart dei fyrste menneska som stod på toppen av Hintere Schwärze.

Kjelder endre