Hira (arabisk حراء Ḥirāʾ) eller Hiragrotta (arabisk غار حراء Ġār Ḥirāʾ) er ei grotte kring 3 km frå Mekka, ved fjellet Jabal al-Nour i Hejaz-regionen i dagens Saudi-Arabia.

Hira
grotte
Grotteinngangen
Land  Saudi-Arabia
Kart
Hira
21°27′27″N 39°51′34″E / 21.457555555556°N 39.859416666667°E / 21.457555555556; 39.859416666667
Wikimedia Commons: Hira cave

Grotta er kjend som staden der muslimane trur Muhammed fekk dei første syna sine frå Gud gjennom engelen Jebril (arabisk جِبرِيل ). For kristne er Jebril kjend som erkeengelen Gabriel.[1]

Skildring endre

Grotta er 4 meter lang og 1-2 meter brei.[1] Grotta ligg 270 meter over havet.[2] Under hajj klatrar kring 5 000 muslimar opp til Hiragrotta kvar dag..[2] Muslimane reknar derimot ikkje det å vitje grotta som ein viktig del av pilegrimsreisa. Likevel vitjar mange grotta av personleg og andeleg interesse.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 In the Cave of Hira’
  2. 2,0 2,1 Saudi Tourism, arkivert frå originalen 8. oktober 2011, henta 28. oktober 2015 

Bakgrunnsstoff endre