Histioteuthis

blautdyrslekt
Histioteuthis
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Blautdyr Mollusca
Klasse: Blekksprutar Cephalopoda
Overorden: Tiarma blekksprutar Decapodiformes
Orden: Oegopsida
Overfamilie: Onychoteuthoidea
Familie: Histioteuthidae
Slekt: Histioteuthis
d'Orbigny, 1841

Histioteuthis er ei slekt av mesopelagiske blekksprutar der det venstre auga er mykje større enn det høgre. Det venstre auga kan ha ein diameter på over det dobbelte av det høgre. Det større venstre auga er gjerne vendt oppover medan det mindre høgre auga er vendt nedover. Det er tenkt at det større auga kan sjå silhuettar av objekt over blekkspruten mot det veike sollyset, og at det mindre auga ser bioluminescente punktkjelder under han.

Kjelder endre