Histoire de Melody Nelson

Histoire de Melody Nelson
Studioalbum av Serge Gainsbourg
Språk fransk
Utgjeve 1971
Sjanger Pop, rock
Lengd 27:57
Selskap Polydor
Produsent Jean-Claude Vannier
Serge Gainsbourg-kronologi 
Jane Birkin/Serge Gainsbourg
(1969)
Histoire de Melody Nelson Vu de l'Exterieur
(1971)


Histoire de Melody Nelson er eit musikkalbum av den franske artisten Serge Gainsbourg frå 1971. Albumet er eit såkalla konseptalbum som handlar om den eldre Gainsbourg som køyrer bilen sin, ein Rolls Royce Silver Ghost frå 1910, inn i sykkelen til den 15 år gamle jenta Melody Nelson. Han forfører ho og dei utviklar eit kjærleiksforhold. Både tilhengjarar og kritikarar reknar albumet som det meste framståande og viktigaste til Gainsbourg. [1][2]

Albumet er berre er om lag 28 minuttar langt og med ein likskap og musikalsk konsistens frå song til song kan det virke meir som ein EP med eit einaste langt musikkstykke med forskjellige satsar. Musikken er ein miks av funky bass, tekst som meir vert snakka fram enn sunge, og fyldige, djupe strykarar og kor arrangert av Jean-Claude Vannier. Arrangementet har i seinare år påverka musikkstilen til fleire franske og engelskspråklege artistar som Air, David Holmes, Jarvis Cocker frå Pulp, Portishead og Beck. Beck sin song «Paper Tiger» frå Sea Change i 2002 er særs lik songen «Melody» på Historie de Melody Nelson

Det var lenge ukjend kva for musikarar som vart nytta på albumet. I oktober 2006 spelte Jean-Claude Vannier heile albumet på ein konsert i London med gjestevokalar frå Jarvis Cocker, Badly Drawn Boy, Mick Harvey frå The Bad Seeds og Gruff Rhys frå Super Furry Animals. I samband med denne konserten vart det avslørt at musikarane på albumet var Dougie Wright, Big Jim Sullivan, Herbie Flowers og Vic Flick, som alle medverka på konserten. Tidlegare gjekk det mange rykte om kven som spelte på albumet og både Alan Hawkshaw (som spelte på neste albumet) og til og med Jimmy Page har vore nemnd.[3]. Kvinna som spelar stemma til Melody Nelson er Jane Birkin, som på denne tida var kjærasten til Gainsbourg.

Etter albumet kom ut vart det laga ein musikkvideo til kvart spor på albumet.

Innhald endre

You don't need to speak a word of French to understand Histoire de Melody Nelson -- one needs only to look at the front cover (with its nearly pornographic portrait of a half-naked nymphet clutching a rag doll) or hear the lechery virtually dripping from Serge Gainsbourg's sleazily seductive voice to realize that this is the record your mother always warned you about, a masterpiece of perversion and corruption.

- Jason Ankeny - allmusiguide[4]

Alle songar er av Gainsbourg bortsett frå song 2, 4 og 6, som vart skrive i lag med Vannier.

  1. «Melody» - 7:32
  2. «Ballade de Melody Nelson» - 2:00
  3. «Valse de Melody» - 1:31
  4. «Ah ! Melody» - 1:47
  5. «L'hôtel particulier» - 4:05
  6. «En Melody» - 3:25
  7. «Cargo Culte» - 7:37

Bakgrunnsstoff endre

Fotnotar endre

  1. «Albums by Serge Gainsbourg». rateyourmusic.com. Henta 14. februar 2008. 
  2. «Pitchforck Feature:Top 100 Albums of the 1970s». pitchforkmedia.com. Henta 14. februar 2008. 
  3. «Historie de Melody Nelson». moviegrooves.com. Henta 14. februar 2008. 
  4. «Historie de Melody Nelson». allmusic.com. Henta 14. februar 2008.