Jane Birkin/Serge Gainsbourg
Jane Birkin/Serge Gainsbourg Studioalbum av Serge Gainsbourg | ||
Språk | fransk | |
Utgjeve | 1969 | |
Innspelt | Januar 1968 til 18. desember 1968 | |
Sjanger | Pop, easy listening | |
Lengd | 28:37 | |
Selskap | Fontana | |
Produsent | Jean-Claude Desmarty | |
Serge Gainsbourg-kronologi | ||
---|---|---|
Bonnie and Clyde (1968) |
Jane Birkin/Serge Gainsbourg | Histoire de Melody Nelson (1971)
|
Jane Birkin/Serge Gainsbourg er eit musikkalbum av den franske artisten Serge Gainsbourg og hans dåverande kjæraste Jane Birkin frå 1969. Dette er òg debutalbumet til Jane Birkin.
Det inneheld songen «Je t'aime... moi non plus» («Eg elskar deg...eg òg») som vart ein hit over heile verda og som er kjend for den seksuelle teksten og dei kvinnelege stønna av Birkin som endar i ein orgasme mot slutten av songen. Dette førte til segner om at songen var eit faktisk opptak av Gainsbourg og Birkin i kjønnsleg omgang, men det ville vore særs vanskeleg å spele inn ein song på den måten. Songen var opphavlege spelt inn i lag med Brigitte Bardot året før, men ho ønskte ikkje at songen skulle kome ut. Gainsbourg spelte så songen inn på nytt att med Birkin og lagde så eit heilt album der han skreiv fleire songar for ho («Jane B.»), i tillegg til eigne innspelingar av songar han hadde laga for andre («Elisa» og «Les Sucettes»).
Ein annan song på albumet som hyllar den fysiske kjærleiken, og som òg er den einaste andre duetten på plata, er «69 année érotique» («Det erotiske året 69»). I tillegg til songar som hyllar den fysiske kjærleiken finst det òg meir mørkare songar som «Jane B.» som handlar om eit mord eller «Le Canari est sur le balcon» som handlar om ei jente som tar sjølvmord. «Sous le soleil exactement» vart opphavleg spelt inn for albumet og filmen Anna frå 1967, opphavleg sungen av Anna Karina frå Danmark. «Elisa» var opphavleg spelt inn for filmen L'Horizon frå 1967 og «Manon» for filmen Manon 70 frå 1968. «Les Sucettes» var ein song Gainsbourg opphavleg skreiv for France Gall i 1965, spelt inn på nytt av Gainsbourg for albumet. Songen skapte ein skandale i Frankrike då han kom ut med France Gall på grunn av dei tvitydige tekstane som kunne tolkast både som ei jente som likte kjærleik på pinne eller ei jente som syng om oralsex.
Innhald
endreAlle songar er av Gainsbourg bortsett frå «Elisa» der Michel Colombier var medlåtskrivar og «Jane B.» som er basert på Preludium nr. 4 i E moll (Op. 28) av Frédéric Chopin.
- «Je t'aime… moi non plus» - 4:23 - vokal av Jane Birkin og Serge Gainsbourg.
- «L'Anamour» - 2:17 - vokal av Gainsbourg.
- «Orang outan» - 2:28 - vokal av Birkin
- «Sous le soleil exactement» - 2:52 - vokal av Gainsbourg
- «18-39» - 2:39 - vokal av Birkin
- «69 année érotique» - 3:21 - vokal av Jane Birkin og Gainsbourg
- «Jane B.» - 3:09 - vokal av Birkin
- «Elisa» - 2:31 - vokal av Gainsbourg
- «Le Canari est sur le balcon» - 2:20 - vokal av Birkin
- «Les Sucettes» - 2:37 - vokal av Gainsbourg
- «Manon» - 2:41 - vokal av Gainsbourg.
Nokre utgåver av albumet har «Chanson de Slogan» i staden for «Je t'aime moi non plus», medan andre utgåver har songen som eit ekstra bonusspor.
Medverkande
endre- Serge Gainsbourg - vokal
- Jane Birkin - vokal
- Arthur Greenslade - arrangering og dirigent