Historisk sosiologi
Historisk sosiologi er ei grein av sosiologifaget som fokuserer på korleis samfunn utviklar seg opp gjennom historia. Ein studerer historiske emne med bruk av ei sosiologisk tilnærming. Dette inneber eit samarbeid på tvers av faga historie og sosiologi, der historikarar gjer bruk av sosiologiske omgrep, teoriar og modellar, mens sosiologar tar opp historiske emne med sine tradisjonelle metodar. Ein brukar altså den same forklaringslogikken og studerer dei same struktureringsprosessane.
Tre av dei klassiske sosiologitenkjarane, Karl Marx, Max Weber og Emile Durkheim, brukte historisk-sosiolgiske tilnærmingar. Frå slutten av 1950-talet kom ei ny bølgje av slike studiar, som også ofte gjaldt faget statsvitskap/samanliknande politikk:
Shmuel N. Eisenstadt si bok The Political systems of Empires (1963), var ein strukturfunksjonalistisk inspirert studie av både nyare og eldre byråkratiske imperium. Barrington Moore si Social Origins of Democracy and Dictatorship (1966) forsøkte å forklare dei historiske vilkåra for demokratiske, fascistiske og kommunistiske styresett med utgangspunkt i agrarstruktur og klassekonstellasjonar i forhold til dette. Stein Rokkan studerte dei historiske røtene til dei vesteuropeiske partisystema, og vilkåra for stats- og nasjonsbygging i Vest-Europa. På 1970-talet kom ei rad nymarxistisk inspirerte studiar. Sentrale bidrag var Immanuel Wallersteins The Modern World System (i tre bind, 1974, 1980, 1988) om den moderne verdensøkonomiens framvekst, Perry Andersons Lineages of Absolute State (1974) om dei europeiske eineveldige statane og Theda Skocpols States and Social Revolutions, ei samanlikning av dei franske, russiske og kinesiske revolusjonane. Etter kvart har inspirasjonen frå den weberianske tradisjonen blitt stadig sterkare. Døme på dette er Michael Manns The Sources of Social Power (1986, 1993) og Charles Tillys Coercion, Capital and European States om europeisk statsdanning.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |