Maximilian Weber (21. april 186414. juni 1920), oftast kalla Max Weber, var ein tysk sosiolog, historikar og filosof. Han var fødd i Erfurt og budde mesteparten av sin barndom og ungdom i Berlin. Han blir rekna som ein av grunnleggarane av sosiologi. Weber skreiv også mykje innan økonomi, men dei fremste verka hans omhandlar religionssosiologi og politisk sosiologi. Weber definerte mellom anna ein stat som «ei eining som har monopol på legitim bruk av fysisk makt», ein definisjon som er blitt grunnleggande i vestleg statsvitskap.

Max Weber

FøddMaximilian Carl Emil Weber
21. april 1864
Erfurt
Død14. juni 1920
München
NasjonalitetKongedømet Preussen, Weimarrepublikken, Det tyske keisardømet
Områdereligionssosiologi, historievitskap, samfunnsøkonomi, sosiologi, historie, økonomi, organisasjonssosiologi
Yrkejurist, samfunnsøkonom, sosiolog, filosof, antropolog, advokat, universitetslærar, musikkforskar, politikar, historikar
InstitusjonarLudwig-Maximilians-Universität München
Albert-Ludwigs-Universität
Universitetet i Heidelberg
Universitetet i Wien
Alma materUniversitetet i Heidelberg
Albert-Ludwigs-Universität
Universitetet i Wien
Ludwig-Maximilians-Universität München
Universitetet i Göttingen
Humboldt-Universität zu Berlin
Kaiserin-Augusta-Gymnasium
Université de Strasbourg
DoktorgradsrettleiarLevin Goldschmidt
August Meitzen
Rudolf von Gneist
EktefelleMarianne Weber
SambuarMina Tobler, Else von Richthofen
MedlemDet alltyske forbund
German Sociological Association
Det bayerske vitskapsakademiet
Heidelberger Akademie der Wissenschaften
Heidelberger Akademie der Wissenschaften
Burschenschaft Allemannia Heidelberg

Bakgrunn endre

Weber var elev av den tyske filosofen Heinrich Rickert (1863-1936). Weber var påverka av Rickert sitt skilje mellom natur- og kulturvitskapar, det vil seie skiljet mellom å forklare og å forstå. Han var også oppteken av objektivitet og verdiar innanfor vitskap. Når vi orienterer oss i røynda føretar vi alltid eit utval, og dette utvalet er forma av våre personlege, subjektive synspunkt og verdioppfatningar.

I boka Protestantismens etikk og kapitalismens ånd studerte Max Weber andelege og kulturelle føresetnader for kapitalismen. Konklusjonen var at protestantismen, i kalvinistisk versjon, har stimulert framveksten av kapitalismen.

Det rasjonelle byråkrati endre

Weber utvikla teorien om det rasjonelle byråkrati som innebar korleis eit byråkrati burde vere for å hindra korrupsjon og fremje objektivitet og produktivitet. Weber meinte hierarki, regelstyring og spesialiserte arbeidsoppgåver var viktig for å få til dette. Inntekta til dei tilsette skulle vere basert på stillinga deira i hierarkiet, og leiarstillingar skulle vere basert på ansiennitet og kompetanse og dimed ikkje arvelege.[1][2]

Teorien hans fekk ein del kritikk for å vere for regelstyrt og for å vere for keisam med tanke på dei tilsette som blei sette til å gjere éi og den same einskilde oppgåva. I tillegg leia teorien hans i praksis til langvarige interne byråkratiske prosessar og ein modell som ikkje greidde å løyse samansette utfordringar, noka som resulterte i skipinga av New public management.[3]

Opphavleg blei den norske offentlege forvaltinga basert på byråkrati-teorien til Weber under namn som tradisjonell byråkratimodell (TB) eller tradisjonell offentleg styring (TOS).[4]

Utvalde verk endre

  • 1891–1892: Die Verhältnisse der Landarbeiter im ostelbischen Deutschland
  • 1904: Die 'Objektivität' sozialwissenschaftlicher und sozialpolitischer Erkenntnis
  • 1904: Die protestantische Ethik und der 'Geist' des Kapitalismus
  • 1915–1919: Die Wirtschaftsethik der Weltreligionen
  • 1919: Wissenschaft als Beruf og Politik als Beruf tekst
  • 1920: Gesammelte Aufsätze zur Religionssoziologie
  • 1922: (posthumt): Wirtschaft und Gesellschaft (gjerne rekna som hovudverket til Weber)

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Sundbo, J. & Knudsen, T. (3. februar 2021). «bureaukrati». Den Store Danske. Henta 8. januar 2023. 
  2. Sager, Fritz; Rosser, Christian (29. september 2021), «Weberian Bureaucracy», Oxford Research Encyclopedia of Politics (på engelsk), doi:10.1093/acrefore/9780190228637.013.166, henta 8. januar 2023 
  3. Sundstrøm, K. (5. mai 2021). «Weber: det rasjonelle byråkratiet». NDLA. Henta 8. januar 2023. 
  4. Rønning, R. (28. august 2021). «4. Ulike styringsmodeller for innovasjon i offentlig sektor». Idunn. Henta 8. januar 2023. 

Litteratur endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Max Weber