Historismen

(Omdirigert frå Historisme)

Historisme er eit omgrep som vart teke i bruk i Noreg på 1950-talet om dei stildraga som gjorde seg gjeldande i andre halvparten av 1800-talet i Europa, inklusive Noreg, kjenneteikna av at gamle, historisk kjende stilartar vart nytta som inspirasjon og førebilete i arkitekturen, i utforminga av inventar, møbel og liknande.

Kyrkja Basilique du Sacré-Cœur de Montmartre i Paris, bygd i perioden 1875 til 1923, er eit døme på historisme kjenneteikna av «stilforvirring» eller eklektisisme ved å blande saman element frå romansk og bysantinsk arkitektur.

Stilelement frå ulike historiske periodar og kulturkrinsar vart nytta etter fritt val. Til å byrje med vart det aldri nytta ulike stilartar i den same bygningen; det vart bygd hus i ny-romansk stil, ny-gotikk, ny-renessanse, ny-barokk, ny-rokokko og liknande. Men etter kvart vart fleire stilartar nytta samstundes på ulike delar i den same bygningen utan omsyn til heilskapen, såkalla eklektisisme. Difor fekk perioden ord på seg for å vere uttrykk for ei generelle stilforvirring, og ordet stilforvirring vart i ettertida gjort til ei kunsthistorisk nemning for utviklinga i denne perioden. For å nytte ein meir nøytral nemning, vart ordet historisme teke i bruk på 1950-talet etter mønster av den engelske nemninga.

I soga om stilartane har historismen sin kronologiske plass mellom biedermeier og art nouveau (jugendstil).[1]

Kjelder endre

  1. Tschudi-Madsen, Stephan (12. april 2016). «historisme». Store norske leksikon (på norsk). 

Bakgrunnsstoff endre

  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.