Biedermeier
Biedermeier, borgarleg empire eller seinempire, var ein stilart og ein stilperiode innan litteratur, musikk, kunst, arkitektur og interiør i Sentral-Europa frå 1815-1825 til 1840-1860. Stilperioden svarer til regency i England.
Stilen blomstra i Tyskland og Austerrike frå 1815 (Wienerkongressen) til 1848, men vann òg innpass i Skandinavia. Stilen var forma av ein viss realisme og samstundes av borgarleg idyll. I stilen låg òg ein tilbakehalden romantikk. Han var på mange måtar ein reaksjon mot opplysingstida og politiks radikalisering.
I biedermeierlitteraturen dyrka ein det heimlege og kjende. Kos, idyll og harmoni forma livet i den kjende verda. Ein unngjekk konfliktar, og hadde i staden gjerne skildringer av heimelivet, søndagsturar, skogsturar og ball.[1] Overalt søkte ein venleik og harmoni, som ein oppfatta som ein avglans av ei høgare, ideell verd. Alt dette blir kalla biedermeierkultur.
Uttrykket biedermeier oppstod fyrst etter at perioden var over. Det stammar frå den fiktive figuren Gottlieb Biedermaier sine satiriske dikt, skrivne av Ludwig Eichrodt og Adolph Kussmaul på siste halvdel av 1850-talet.[2][3] Omgrepet blei fyrst utbreidd i bruk kring år 1900.
Kjelder
endre- ↑ Litteraturens veje, s. 134-35.
- ↑ Biedermeier Auken, Sune: Biedermeier i Dansk litteraturs historie på lex.dk. Hentet 17. maj 2021
- ↑ Leksikon. Andreasen, Brian m.fl.: I: LitteraturDK. 1. udg. L&R Uddannelse, 2009. side 314-315. (Afsnit i bog). ISBN 978-87-7066-467-7
- Denne artikkelen bygger på «Biedermeier» frå Wikipedia på dansk, den 7. juli 2023.
Litteratur
endre- Lars Hjortsø, Biedermeier : en idéhistorisk undersøgelse, Museum Tusculanum, 1982. (Studier fra sprog- og oldtidsforskning / udgivet af Det Filologisk-Historiske Samfund, nr. 301). ISBN 87-88073-25-4.
- Leksikon. Andreasen, Brian m.fl.: I: LitteraturDK. 1. udg. L&R Uddannelse, 2009. side 314-315. (Afsnit i bog). ISBN 978-87-7066-467-7
- Litteraturens veje, Gad 1996. ISBN 87-12-02835-5.