Hjørdis

kvinnenamn
(Omdirigert frå Hjördis)

Hjørdis er eit kvinnenamn, av norrønt Hjǫrdís, samansett av hjǫrr, 'sverd' og dís, 'gudinne'.

Arkitekten Hjørdis Grøntoft.
Lotten Dorsch-Bosin som Hjørdis i Kämparne på Helgeland (svensk versjon av Hærmændene paa Helgeland av Ibsen)

Hjørdis har norsk namnedag den 14. februar.

Bruken av namnet i NoregEndra

Namnet Hjørdis kom i bruk i Noreg omkring 1860, først registrert på Eidsvoll.[1] Populariteten steig kraftig og namnet vart mykje bruka fram mot ein topp i tida rundt første verdskrigen. Den siste mannsalderen har få jenter fått dette namnet.

  • Ved folketeljinga i 1801 var ingen kvinner registrerte med dette namnet
  • Ved folketeljinga i 1900 var 2137 registrerte med namnet i formene Gjørdis, Gørdis, Hiørdis, Hjørdis, Hjørdiss, Hyørdis, Hørdis, Jørdis, Yørdis
  • I 2008 hadde 2805 kvinner Hjørdis til første fornamn.

Kjende namneberararEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra