Hjartefrekvens eller pulsfrekvens er snøggleiken til hjarteslaga som målt ved hjarteslag per tidseining, oftast som slag i minuttet (bpm).[1] Hjartefrekvensen endrar seg i samsvar med dei fysiske behova, som til dømes absorberinga av oksygen og frigjeringa av karbondioksid. Aktivitetar som kan framkalle frekvensendringar inkluderer fysisk aktivitet, søvn, angst, stress, sjukdom, melting og lækjemiddelbruk.

Ei skisse av menneskehjartet

Hjartefrekvensen ved kvile ligg normalt på 60—80 slag i minuttet. Bradykardi er unormalt sakte hjartefrekvens, normalt under 60 bpm.[2] Takykardi er unormalt snøgg hjartefrekvens, normalt over 100 bpm ved kvile.[3] Når hjarta slår i eit uregelmessig mønster, seier ein at personen har arytmi.[4] Desse avvika i hjartefrekvens kan stundom tyda på sjukdom.[5]

Fysiologi endre

Til vanleg er hjarterytmen styrt i sin heilskap av sinusknuten, medan hjartefrekvensen er regulert av sympatisk og parasympatisk innspel («input») til sinusknuten. Nervar i det sympatiske nervesystemet gjev innspel til hjarta ved å sleppe laus noradrenalin på cellene i sinusknuten, og hjernenerva gjev parasympatisk innspel til hjarta ved å sleppe laus acetylkolin på cellene i sinusknuten. Difor vil stimulering frå nervar i det sympatiske nervesystemet auke hjartefrekvensen, medan stimulering frå hjernenerven vil minska han.

Folk har eit konstant blodvolum, og det er berre ved å auke hjartefrekvensen at organa kan motta meir oksygen, sidan dette vil føre blodet til å passere oftare. Normal hjartefrekvens ligg kring 60—100 bpm ved kvile. Bradykardi er definert som ein hjarterytme på mindre enn 60 bpm ved kvile. Likevel kan hjartefrekvensar frå 50 og 60 bpm vere vanleg hjå friske folk og atletar, og er ikkje naudsynleg eit faresignal. Takykardi er definert som ein hjartefrekvens over 100 bpm, sjølv om vedvarande ratar mellom 80—100 bpm, særleg ved søvn, kan vere teikn på hypertyreose eller anemi (sjå nedanfor).

Hjartet kan auke og senke hjartefrekvensen på fleire måtar. Dei fleste inneberer stimulantia-liknande endorfinar eller hormon som vert slopne ut i hjernen, og mange av desse må tvingast ut ved å ta inn og prosessera lækjemiddel.

Kjelder endre

  1. Dr. med., P. Amlie, Jan (16. februar 2012). «Hjertefrekvens og rytme». Hjerteflimmer. Hjerteflimmer. Arkivert frå originalen 18. desember 2014. Henta 18. desember 2014. 
  2. «Langsom puls, bradykardi». Norsk Helseinformatikk, nhi.no. Norsk Helseinformatikk, nhi.no. 14. oktober 2009. Arkivert frå originalen 17. desember 2014. Henta 18. desember 2014. 
  3. «ventrikkeltakykardi». Norsk Helseinformatikk, nhi.no. Norsk Helseinformatikk, nhi.no. 14. oktober 2009. Arkivert frå originalen 18. desember 2014. Henta 18. desember 2014. 
  4. «Hjertearytmi». Norsk Helseinformatikk, nhi.no. Norsk Helseinformatikk, nhi.no. 22. juli 2013. Arkivert frå originalen 18. desember 2014. Henta 18. desember 2014. 
  5. «T8.4 Hjertearytmier». Norsk legemiddelhåndbok. Norsk legemiddelhåndbok. 24. mai 2013. Arkivert frå originalen 18. desember 2014. Henta 18. desember 2014. 
  Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.