Slagvolum er det volumet blod eit hjartekammer pumpar ut på eit hjarteslag. Ordet blir òg nytta innanfor mekanikken om det volumet eit stempel i ein stempelmotor fortreng mellom øvre og nedre daudpunkt.

Hjarte endre

Sjå Hjartesyklusen for nærare forklaring på omgrepa her

Ikkje alt blodet i hjartekammeret blir pumpa ut med kvar samantrekning av hjartet, vanlegvis berre om lag to tredeler. I praksis kan ein rekne ut volumet av venstre hjartekammer i endesystole (maksimal samantrekning) og endediastole (maksimal fyllning), med ekkokardiografi, MR eller fluoroskopi. også indirekte metodar er mogeleg. Så trekker ein minste volum frå største volum og får slagvolumet. Kor stor del som blir pumpa ut blir kalla ejeksjonsfraksjon. Er det to tredeler som går ut kvart slag, seier ein at hjartet har en ejeksjonsfraksjon på 66,7 %. dette talet blir nytta som et nøkkeltal som seier noko om kontraksjonsevna til hjartet.

Hos ein vanleg mann på 70 kg er eit normalt slagvolum rundt 70 ml. Slagvolum gangar hjartefrekvens gjev minuttvolum. Med 60 slag i minuttet blir minuttvolumet i dette dømet 4,2 liter, som altså er den mengda blod som hjartet pumpar på eit minutt.

Regulering av slagvolumet endre

Storleiken på hjartet, hjartefrekvensen, fyllinga av hjartet, blodvolumet i kroppen og samantrekninga av blodårene har påverknad på slagvolumet.

Dimensjonen på hjartet endre

Eit stort hjarte har plass til meire blod enn eit lite. I nokon mon er dette eit dynamisk tilhøve. Dersom hjartet stadig pumpar mykje blod, t.d. om ein driv mykje med enkelte former for fysisk trening, vil det vekse. Slagvolumet blir då større.

Hjartefrekvensen endre

I somme tilfelle blir hjartefrekvensen så høg at hjartet ikkje får tilstrekkeleg fylling før kvar samantrekning. Medisinar som gjev lågare frekvens vil då gje ein betre fylling, og meir blod å pumpe ut.

Fylling av hjartet endre

Frank-Starling-mekanismen gjer at muskelfibrane i hjartet (myokard) har større kontraksjonsevne jo meir på strekk dei er. Jo meir fylt hjartet er, jo meir kan det trekke seg saman (høgare ejeksjonsfraksjon). Dette gjeld berre opp til eit visst punkt.

Motstanden hjartet pumpar mot endre

Motstanden hjartet pumpar mot blir på norsk ofte snakka om med det engelske uttrykket afterload, i motsetnad til preload som er det blodvolumet som blir tilbode hjartet. Kor mykje dei perifere blodårene trekker seg saman, utgjer mykje av denne motstanden.

Kjelder endre