Hjertøya
62°43′01″N 07°09′27″E / 62.71694°N 7.15750°E
Hjertøya | |||
øy | |||
Hjertøya i framgrunnen, sett frå Molde.
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Molde kommune | ||
Folketal | 0 | ||
Hjertøya 62°43′01″N 7°09′28″E / 62.717059°N 7.15776389°E |
Hjertøya er ei øy i Molde kommune, ti minutt sør for Molde sentrum.
Øya er smal og om lag 3 km lang. Arealet er 0,42 km². Hjertøya er eit mykje brukt friluftsområde, og det går rutebåt frå Molde i juni, juli og august. På Hjertøya ligg Fiskerimuseet, som er ein del av Romsdalsmuseet. Den tyske biletkunstnaren Kurt Schwitters budde ei tid på øya.
Hjertøya vart busett som husmannsplass på 1700-talet. Ved folketeljinga i 1900 budde det tre personar her.[1] Det var fast busetjing på øya fram til 1950-talet.
Kjelder
endre- ↑ Folketeljing 1900 for Bolsøy herred, frå Digitalarkivet