Hn/Java 2 Micro Edition

Sidor som ligg under «Hn» er skrivne på høgnorsk. Denne finst òg i gjeldande rettskriving — sjå «Java 2 Micro Edition».

Java 2 Micro Edition (J2ME) er ei utgåva av Java-teknologien som er skreiarsydd for mobiltelefonar, kalkulatorar og annan forbrukarelektronikk i lummeformat. J2ME vart fyrste gongen presentert under ein Java-konferanse i San Francisco sumaren 2000. Samstundes lagde Motorola fram dei fyrste handsetti som styd plattformi.

Kombinasjonen av WAP (Wireless Application Protocol) og Java-teknologi gjev ei ideell løysing for mobilbrukarar som ynskjer interaktive tenestor. I våre dagar hev trådlause tenestor bygt på Java-teknologi vorte teke i bruk yver heile verdi.

J2ME gjev mellom anna høve til å lasta ned tridjeparts applikasjonar på vanlege mobiltelefonar. Soleides fær forbrukarane høve til å uppdatera terminalane jamleg med nye spel eller innhald. Med J2ME hev gamle arkadespelklassikarar som Asteroids og Frogger fenge nytt liv – ikkje i spelehallen, men på mobilterminalen.

Nyttige peikarar endre