Hn/Sex Pistols

britisk pønkgruppa
Sidor som ligg under «Hn» er skrivne på høgnorsk. Denne finst òg i gjeldande rettskriving — sjå «Sex Pistols».

The Sex Pistols var ei britisk pønkgruppa som vart skipa i 1975 og løyst upp i 1978.

Medlemer endre

Stutt historikk endre

Manageren Malcolm McLaren, som tidlegare havde jobba med The New York Dolls, skipa Sex Pistols i 1976. Jones og Cook var dei fyrste han fekk med i bandet. Hovudmålet deira var å spela rå, aggressiv rock & roll (pønk), inspirera av New York Dolls og The Ramones frå Sambandsstatane, og å sjokkera Storbritannia so mykje som råd. McLaren, Jones og Cook fekk med seg Lydon og Matlock, som var dei beste låtskrivarane i gruppa, og etter å hava skapt seg eit namn med spelejobbar i London, fekk dei kontrakt med eit stort sellskap og gav ut singelen Anarchy in the U. K. i 1976. Etter å hava gjort skandale både på riksdekkjande fjerrsyn og i gatone i London, for ikkje å snakka um jukeboksar og skift bassist (til Vicious, som var heilt ut umusikalsk, men som derimot var tolleg god på skinnjakka), gav dei ut singlane God Save the Queen, Pretty Vacant og Holidays in the Sun og det vidgjetne albumet Never Mind the Bollocks, Here's the Sex Pistols i 1977. Sex Pistols fór på store Storbritannia-turnéar, og allstad dei hadde vore spratt det upp nye pønkgruppor (til dømes The Clash i London og Buzzcocks og Joy Division i Manchester).

Konserten til gruppa på Penguin Club i Oslo 20. juli 1977 vert rekna som starten på pønken i Noreg.

På um lag same tidi byrja det veksa fram ein intern splid i gruppa. Lydon, som vert rekna som den musikalske heilen i bandet, rauk uklår med dei hine, i ser McLaren og Vicious, med anna med di McLaren vilde at gruppa meir skulde handla um (ofte iscenesett) provokasjon helder en um musikk. Under den fyrste USA-turnéen med bandet, i 1978, trakk Lydon seg ut av bandet, og mange set uppløysingi av bandet til dette tidspunktet. McLaren heldt rett nog fram med å bruka namnet, til dømes på Vicious sin solosingel My Way (1978) og filmen The Great Rock 'n' Roll Swindle (1979), men då Vicious døydde i 1979 var det på alle måtar yver. McLaren heldt fram med innkomegjevande prosjekt utetter 80-talet, inntil dei gamle medlemene i Sex Pistols stogga honom med ei rettssak.

Lydon hadde starta Public Image ltd. for å spela den musikken han helst vilde i 1978, og jamvel dette bandet skreiv seg inn i rockesoga. Jones og Cook starta The Professionals og Matlock The Rich Kids - båe pønkgruppor med stutt lìvetid. Det upphavlege Sex Pistols kom saman att i 1996, og spelar framleides konsertar frå tid til onnor. McLaren prøvde seg som manager for fleire andre band, og som musikar.

Diskografi endre

Attåt desse finst det ei lang rekkja samle- og liveplator av ymse slag.

Bakgrunnsstoff endre

Syphilia Morgenstierne om konsterten i Oslo