Hokus pokus (ofte følgd av filiokus) er ein magisk formel som ein magikar eller tryllekunstnar kan uttale når han trollar. Det kan vere ein teknikk som magikaren nyttar for å få tilskodaren til å verte merksam på det som magikaren ønskjer, medan han skjuler visse andre handlingar i framføringa for tilskodaren. Langt tilbake i tid trudde ein at trylleformlar verkeleg hadde magiske krefter.

Etymologi endre

Opphavet er interessant ettersom hokus pokus ikkje er eit oppdikta ord. Det kjem nemleg frå den katolske kyrkja sin nattverdsliturgi. I forvandlingsaugeblinken når brødet går frå å vere brød til å bli Jesu kropp, ringer ein med ei bjølle og presten seier; «Hoc est corpus Christi!», som på norsk tyder «dette er Kristi kropp!».

Sjå òg endre