Hol hammo‘éd
Hol hammo‘éd (hebr. חוֹל הַמּוֹעֵד ḥol hammo‘éd) er halvheilagdagane (eller romhelga) mellom dei første og siste dagane av dei vekelange høgtidene pesah (jødisk påske) og sjabu‘ót (lauvhyttefesten). I Israel, der desse høgtidene varar i sju dagar, er første og siste dag fulle heilagdagar og andre til sjette dag er hol hammo‘éd. Reformjødedommen følgjer same skikk som Israel. Andre jødiske retningar utanom Israel feirar desse høgtidene i åtte dagar, og tredje til sjette dag er rekna som hol hammo‘éd.
Ein parallell til hol hammo‘éd finn vi i den skandinaviske romjula, der dagane mellom helgedagane i jula og nyårskvelden blir rekna som del av jula, men utan å ha full helgestatus.