Pesaḥ (hebraisk פֶּסַח [pɛsaḥ]), òg skrive Pesach, eller jødisk påske er den første av dei tre jødiske valfartsfestane og blir markert i sju eller åtte dagar frå den 15. nisán. Ein rører ikkje vanlege korn- og brødvarer i alle dei sju eller åtte dagane pesaḥ varar.

Ein mann held to maṣṣót (flatbrød, usyra brød). Illustrasjon frå København-haggadáen — eit illustrert manuskript frå 1739.
Barn i Israel marker pesah.

Den første kvelden, og oftast òg den andre, held ein eit spesielt påskemåltid med symbolske matrettar som karpás (selleri eller andre grønsaker), maṣṣót (flatbrød), marór (bitre urter), lammebein, eit grilla egg og sausen ḥaróset — ein saus som skal minna om mørtelen dei israelittiske slavane brukte i Egypt. Kvar person drikk fire glas vin eller druejus. Med bakgrunn i desse matrettane og andre rituelle handlingar les ein Haggadá sjel pesaḥ (påskeforteljinga) om utgangen av Egypt.

Bakgrunn endre

 
Ei side frå Kaufmann-haggadáen, eit sefardisk manuskript frå sist på 1300-talet.

Ordet pesaḥ endre

Sjølve ordet «pesaḥ», som òg finst innlånt til norsk gjennom gresk i forma «påske» er avleidd av den hebraiske ordrota פסח P-S-Ḥ som tyder ‘passere’. 2. mosebok fortel at da Gud lova israelittane å gjera dei frie, sa Gud at alle dei førstefødde i Egypt skulle døy. Men israelsborna skulle setja eit merke av lammeblod på dørkarmane sine, וראיתי את־הדם ופסחתי עליכם [vərā’ītī et-haddām, ufāsaḥtī ʕălēxem] 'og Eg vil sjå blodet, og Eg vil gå forbi dykk»'. (2. mos.) 12:13)

Opphavet åt pesaḥ endre

Sjølv om termen «pesaḥ» ikkje er nemnd før 2. mosebok, er det mykje som tyder på at høgtida har tidlegare røter. Frå jødisk teologisk perspektiv har det vore peikt på at ordet maṣṣá finst allereie i 1. mos. 19:3, der Lot vart vitja av to englar: «Og han laga åt dei eit gilde, og maṣṣót baka han, og dei åt.» Maimonides kommenterer til dette: פסח היה «det var pesaḥ». Andre vil derimot seie at det avgjerande i denne situasjonen var at den uventa vitjinga gjorde at han ikkje hadde tid til å laga vanleg brød, men laut laga maṣṣót (flatbrød) i staden, sidan dette er snøggare å baka.

Mange trekk i pesaḥfeiringa tyder på at denne høgtida har delar av opphavet sitt i ein innhaustingsfest. Blant desse trekka kan nemnast etinga av det usyra brødet, ei markering av den nye kornavlinga. Frå andre dagen av pesaḥ og i dei 49 dagane fram til sjabu‘ót (vekefesten eller pinsa) tel ein ‘ómer, dvs. ‘kornband’, til minne om korleis den nye byggavlinga vart brakt åt Tempelet i Jerusalem for ofring.

Av noko nyare dato er historia om utgangen av Egypt: Ein feirar at Gud med hjelp av Moses og Aron førte israelittane ut av Egypt med mange teikn og under, at den siste av dei ti landeplagene ikkje ramma israelittane fordi dei ofra eit lam og smurde eit merke av blodet på dørkarmane, at oppbrotet skjedde så snøgt at deigane ikkje vann å heva seg, slik at ein laut eta det usyra brødet, og endeleg at israelittane fekk ToráenSinaifjellet.

Matføreskrifter endre

 
Tallerken med pesahmat.

Ḥamés endre

Gjæra kornmat av dei fem kornslaga som er definerte i Misjná blir kalla ḥaméṣ og er forboden å eta eller eige under alle dagane av pesaḥ. Dette inkluderer all mat som inneheld noko som helst mengd av dei fem slaga, anna enn om han er spesielt tillaga på eit vis som gjer at ein kan rekna det for visst at maten ikkje er gjæra. (Meir om dette finst under avsnittet Maṣṣá nedanfor.)

Dei fem kornslaga endre

Dei fem kornslaga svarar til brødkveite/emmer, durumkveite/spelt og einkorn i sine variantar og til bygg (toradsbygg og vanleg bygg). Det er noko tvil om nøyaktig fastsetjing av kveite- og speltslaga, men det er rimeleg klart at alle sortar kveite og spelt høyrer til dei fem slaga. Truleg ikkje tilhøyrande dei fem slaga i snever meining er rug, men ein reknar likevel rug med blant dei fem slaga på grunn av den nære slektskapen med kveite.

Den noko fjernare slektningen havre blir av den askenasiske Rashi rekna opp som eit av dei fem slaga, men den sefardiske Maimonides viser til at det kornslaget Rashi skriv om her svarar til villbygg, eller toradsbygg. Dette er òg meir i samsvar med definisjonen i Talmúd jerusjalmí, der det går klårt fram at det karakteristiske ved dette kornslaget er radstrukturen. I tillegg stemmer det godt med nyare forsking, som har funne at havre ikkje inneheld same slag gluten som dei andre kornslaga.[1]

Maṣṣá endre

 
Bitar av fabrikklaga massá.

Som eit minne om utgangen av Egypt er det pålagt alle jødar å eta maṣṣá, eller usyra brød, på dei to første kveldane av pesaḥ. (I landet Israel og blant reformjødar: berre den første kvelden.) Dette brødet må vera laga etter svært strenge føreskrifter:

Mjølet må vera hovudsakleg frå dei fem kornslaga. Alt mjølet som blir bruka må vera tørrmole, heilt tørt og heilt fritt for fuktskade. Ein blandar berre inn reint vatn som har stått tildekt natta over, og frå ein blandar i vatn via utkjevlinga til tynne flatbrødleivar og til maṣṣáen blir steikt på bakstehella eller i bakaromnen må det ikkje taka meir enn 18 minutt.

Maṣṣá og maṣṣámjøl (finknust maṣṣá) er dei einaste matvarene av dei fem slaga det er lov både eta og eige under pesaḥ — med unntak av heile, gjennomrista gryn.

Sjølv om det ikkje er noko påbod om å eta maṣṣá under resten av pesaḥ, et ein vanlegvis maṣṣá da òg, ettersom dette er den einaste tillatne brødmaten av dei fem slaga.

Ein kan sjølvsagt òg eige umole heilkorn for såkorn og for seinare maling, men dette lyt bli lagra heilt tørt og kan ikkje bli bruka til mat under pesaḥ anna enn som nemnt ovanfor.

Ris endre

Ris høyrer ikkje med til dei fem kornslaga, men er likevel rekna som forboden av dei fleste askenasiske jødar. Merk at ris ikkje er ḥaméṣ; det er lov å eige ris under pesaḥ — sjølv for dei som ikkje tillèt å eta ris under pesaḥ.

Blant mange sefardiske og mizraḥiske jødar er derimot ris tillaten å eta, og pesaḥ er ei tid med mykje vekt på rismat av ulike slag. Blant dei som et ris under pesaḥ er det oftast skikk at ein går nøye gjennom risen og sorterer ut alle eventuelle korn av dei fem slaga.

Kitnijjót endre

Askenasiske jødar og nokre europeiske sefardiske jødar unngår òg tradisjonelt å eta belgvekstar, eller såkalla kitnijjót, under pesaḥ. Grunnen til dette var opphavleg at ein er redd at ertermjøl og liknande kan bli ihopblanda med mjøl av dei fem slaga. Definisjonen av kva som blir rekna som kitnijjót er vorten svært mykje utvida i askenasisk ortodoks jødedom i seinare år. Mange inkluderer til dømes mais (som ikkje er ei belgfrukt) og friske brekkbønner (som absolutt ikkje kan mistakast som mjøl).

Rituale endre

Seder eller haggadá endre

 
Familie feirar pesah. Ukrainsk luboktrykk frå rundt 1850.

På den første kvelden av pesaḥ (i Israel, og dessutan blant karaittiske jødar og reformjødar) eller på dei to første kveldane av pesaḥ (i dei fleste tradisjonane) held ein seder (ask.) eller haggadá (sef.) — eit festmåltid med rituelle matslag og lesing av påskeforteljinga, Haggadá sjel pesaḥ. Påskeforteljinga inneheld historia om korleis israelittane forlét Egypt under leiing av Moses. Måltidet inneheld spesielle fat med rituelle matslag; inkludert bitre urter, to slag koka mat (oftast eit hardkoka og grilla egg og eit ubrote lammebein med noko kjøt på), maṣṣót (usyra brød) og ḥaróset — ei finhakka blanding av frukt, nøtter, vin/eddik og kanel som symboliserer mørtelen som israelittane bruka under slaveriet i Egypt. Alle som er til stades drikk òg fire småe glas druevin eller druejus i løpet av ritualet.

Kva tid fell pesaḥ? endre

Pesaḥ er ofte på om lag same tid som den kristne påska, men fell stundom i månaden etter — særleg i jødiske skotår. Lista nedanfor gjeld for tradisjonell rabbanittisk jødedom utanfor landet Israel. Dei to første døgna og dei to siste døgna er fulle heilagdagar, dei mellomliggjande døgna er ḥol hammo‘éd (romhelg). Blant jødar i landet Israel, blant karaittiske jødar og ofte òg i reformjødedom og rekonstruksjonistisk jødedom, feirar ein pesaḥ i sju døgn i staden for åtte, og høgtida sluttar dermed eitt døgn tidlegare. I desse tradisjonane er berre det første og siste døgnet fulle helgedagar, og alle dei mellomliggjande døgna er ḥol hammo‘éd.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Fotnotar

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Pesah