Holagjelet
Holagjelet er eit juv i Holaelva på nordsida av Gullfjellet i Arna aust i Bergen.[1][2] Juvet går frå Gullfjellet og ned til Herland i Arna der elva renn ut i Sørfjorden Herlandsvegen og E16 Hardangervegen krysser juvet på høvesvis gamle og nye Holagjel bru.[3]
I juvet stod inntil 2010 eit kvernhus frå 1781 og i tillegg restar frå eit anna kvernhus. Arna sogelag har restaurert kvernhuset og sett det opp i Ådnatun museum i Indre Arna.[4] [5][5] Namnet vart vedteke av Statens kartverk 6. september 1995.[2]
Fotnotar
endre- ↑ «Holaelva». Kartverket. Henta 14. februar 2015.
- ↑ 2,0 2,1 «Holagjelet». Kartverket. Henta 14. februar 2015.
- ↑ «NOR 011-2013 Opprusting Herlandsvegen bro». Mercell. Henta 14. februar 2015.
- ↑ https://docplayer.me/6395896-Hordaland-fylkeskommune-tilskot-til-vern-og-voling-2010.html
- ↑ 5,0 5,1 «Kvernknurren i Holagjelet». Bergens Tidende. 23. januar 2008. Henta 10. februar 2023.