Holger Sinding

prest og stortingsrepresentant

Holger Fersløv Sinding (11. januar 180410. november 1870) var ein norsk prest og stortingsmann frå Fredrikstad.

Holger Sinding
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. januar 1804
Fredrikstad
Død

10. november 1870 (66 år)
Tune kommune

Yrke prest, politikar
Språk norsk

Sinding var son til ein apotekar og postmeister. Han vart student i 1823 og cand. theol. i 1828. Deretter var han personalkapellan i Rakkestad til han i 1831 vart residerande kapellan på Voss. Han var 1836-43 sokneprest i Aremark, 1843-60 i Våler i Østfold og frå 1860 til han døydde, i Tune.

Sinding var 3. representant frå Smaalenenes amtStortinget i 1848. Medlem av gasjekomiteen og justiskomite nr 3.

Han døydde på prestegarden i Tune i 1870.

Kjelder endre