Holly Holy
Holly Holy Singel av Neil Diamond | ||
B-side |
«Hurtin' You Don't Come Easy» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Oktober 1969 | |
Sjanger | Pop, rock | |
Lengd | 4:27 | |
Selskap | Uni | |
Komponist | Neil Diamond | |
Tekstforfattar | Neil Diamond | |
Låtskrivar(ar) | Neil Diamond | |
Neil Diamond-kronologi | ||
«Sweet Caroline» (1969) |
Holly Holy | «Shilo» (1970)
|
«Holly Holy» er ein song skriven og innspelt av Neil Diamond. Han vart gjeven ut som singel i oktober 1969,[1] og vart ein populær oppfølgjar til «Sweet Caroline», med ein sjetteplass på Billboard Hot 100 i USA i desember.[2][3] Han selde etter kvart til platinaplate for 1 million selde eksemplar.[1]
Songen hadde eit andeleg fokus,[4] og var påverka av gospel[1] og var i følgje Diamond favoritten hans av songane hadde skrive til då.[3] Han byrjar roleg med akustisk gitar mot ei basslinje, og ein enkel tekst med lange vokalar. Gradvis byggjer arrengementet seg opp med eit temposkifte i mellomspelet og inn kjem eit kor i lag med strykarar.
«Holly Holy» vart gjeven ut på albumet Touching You, Touching Me i november 1969.[1] Konsertopptak av songen finst på Gold: Recorded Live at the Troubadour frå 1970. Seinare opptak finst på Hot August Night (frå 1972) og Greatest Hits: 1966–1992 (frå 1992), i tillegg til forskjellige samleplater.
Ein versjon av Jr. Walker & the All Stars vart ein liten R&B-hit i 1971.[1] Nancy Sinatra spelte songen på showet «Movin' with Nancy on Stage» i 1971. I tillegg har han vorte spelt av UB40.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Holly Holy» frå Wikipedia på engelsk, den 25. august 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 William Ruhlmann. «Neil Diamond: Biography». Allmusic. Henta 20. august 2013.
- ↑ Whitburn, Joel (1983). The Billboard Book of Top 40 Hits: 1955 to present. Billboard Publications. ISBN 0-8230-7511-7. s. 88.
- ↑ 3,0 3,1 Jackson, Laura (2005). Neil Diamond: His Life, His Music, His Passion. ECW Press. ISBN 1-55022-707-6. pp. 65–66.
- ↑ Neil McCormick (5. mars 2008). «Neil Diamond: the hurt, the dirt, the shirts». The Daily Telegraph. Henta 20. august 2013.