Touching You, Touching Me

studioalbum av Neil Diamond
Touching You, Touching Me
Studioalbum av Neil Diamond
Språk engelsk
Utgjeve 13. desember 1969
Innspelt 1969
Sjanger Pop, rock
Lengd 30:54 (US)
33:58 (UK)
Selskap UNi
Produsent Tom Catalano, Tommy Cogbill
Neil Diamond-kronologi 
Brother Love's Travelling Salvation Show
(1969)
Touching You, Touching Me Tap Root Manuscript
(1970)


Touching You, Touching Me er det femte studioablumet til Neil Diamond. Det var det første sidan 1966 med songar av andre artistar enn hans eigne. Albumet inneheldt ein stor hit, «Holly Holy» (#6), som alt hadde vorte gjeve ut som singel då albumet kmo ut, og den mindre hitten «Until It's Time for You to Go» (#53). Albumet sjølv nådde 30. plass på Billboard-lista og selde til gullplate. Lee Holdridge lagde arrangementa og var dirigent på albumet.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[1]

Trass i at tittelen på albumet kjem frå teksten til hitten «Sweet Caroline», var ikkje denne songen med på den amerikanske versjonen av albumet, sidan han alt var gjeven ut på Brother Love's Travelling Salvation Show. På den britiske utgåva var «Sweet Caroline» den siste songen på side A.

Innhald

endre

Alle songar er skrivne av Neil Diamond, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Everybody's Talkin'» (Fred Neil)2:46
2.«Mr. Bojangles» (Jerry Jeff Walker)4:53
3.«Smokey Lady»2:40
4.«Holly Holy»4:40
5.«Sweet Caroline» (berre den britiske utgåva)3:30
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Both Sides Now» (Joni Mitchell)3:30
7.«And the Singer Sings His Song»3:37
8.«Ain't No Way»2:41
9.«New York Boy»2:38
10.«Until It's Time for You to Go» (Buffy Sainte-Marie)3:29

Kjelder

endre