Opna hovudmenyen

Holmengråfjorden

fjordarm av Varangerfjorden

Koordinatar: 69°50′55″N 30°18′1″E Holmengråfjorden (samisk Ruksesvuotna) er ein fjordarm av Varangerfjorden i Sør-Varanger kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 5 km vestover til Innerhamna i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Trifanneset i nord og Luččabavtnjárga i sør. Aust for Luččabavtnjárga går Jarfjorden sørover. Det er ingen faste busetnader ved fjorden.