Holmvatnet i Rana
Innsjø i Nordland
Holmvatnet er ein innsjø og eit kraftmagasin i Rana kommune i Nordland. Magasinet var tidlegare to separate innsjøar, med det opphavlege Holmvatnet i sør og Nedre Fagervollvatnet i nord.
Holmvatnet | |||
innsjø | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Kommune | Rana | ||
Utløp | Holmelva | ||
Nedslagsfelt | 78,66[1] km² | ||
Høgd over havet | 275–254.3[1] moh. | ||
Lengd | 5,9 km | ||
Breidd | 1,5 km | ||
Areal | 4,84[1] km² | ||
Koordinatar | 66°21′18″N 13°37′22″E / 66.35500°N 13.62278°E | ||
Holmvatnet i Rana 66°21′18″N 13°37′22″E / 66.355°N 13.62277778°E |
I samband med bygginga av Sjona kraftverk først på 1970-talet vart Holmvatnet demma opp og flaut då saman med Nedre Fagervollvatnet. Den no neddemde strekninga mellom dei to innsjøane bestod av eit 1,5 kilometer langt og 0,5 kilometer breitt myrlend område, som utgjorde den sentrale og lågaste delen av Fagervollan.
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 «NVE Atlas»