Holt
Holt er ei bygd i Tvedestrand kommune i Aust-Agder. Fram til og med 1959 var Holt ein eigen heradskommune. Holt kyrkje ligg sentralt i Holt, sameleis Holt skole og ei avdeling av Tvedestrand videregående skole, skulen som frå 1907 var Holt Landbruksskule.
Holt | |||
stad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Holt | |||
Wikimedia Commons: Holt | |||
Landbruk og skogbruk var lenge viktigaste næringsvegane i Holt, ein posisjon industri i 1950 hadde overteke. Frå 1738 til 1959 var Næs Jernverk ein stor sysselsetjar. Det nedlagde jarnverket er sidan omgjort til museum, eigedomen elles er omgjord til golfbane.
Holt vart i 1837 oppretta som eige formannskapsdistrikt. Folketalet steig frå 2 324 i 1801 til 4 148 i 1865 og 4 344 i 1900. Etter den tid minka det til 3 424 i 1946, for så å stige att, ved samanslåinga hadde Holt kommune 3 759 ibuarar.
1. januar 1960 vart Holt, Dypvåg og Tvedestrand slått saman til den nye kommunen Tvedestrand.
Kjelder Endra
- Norsk Allkunnebok. V. Bandet. 1954