Homo Erraticus
Studioalbum av Ian Anderson
Utgjeve 14. april 2014
Innspelt Januar 2014
Sjanger Progressiv rock[1]
Lengd 51:57
Selskap Kscope
Ian Anderson-kronologi
Thick as a Brick 2
(2012)
Homo Erraticus Thick as a Brick - Live in Iceland
(2014)


Homo Erraticus er det sjette studioalbumet til den britiske musikaren Ian Anderson, som òg er frontmann i Jethro Tull. Albumet kom ut 14. april 2014 og er eit konseptalbum laust knytt til Jethro Tull-albumet Thick as a Brick (1972) og Anderson sitt Thick as a Brick 2 (2012), sidan teksten igjen er oppført som skriven av den oppdikta karakteren Gerald Bostock.

Albumet kom ut i fire format: som dobbel vinylplate, ein enkel CD, ein CD og DVD og ein eksklusiv plateboks frå Amazon.com med albumet på CD og tre bonusplater.

Anderson og bandet hans la ut på turné for albumet, der dei spelte heile albumet i første halvdel av showet og eit utval av Jethro Tull i andre halvdel.

Musikalsk stilEndra

Homo Erraticus er eit progressivt rockealbum som i følgje Anderson blanda folkemusikk og mellomaldermusikk med heavy metal.[1] Stephen Thomas Erlewine frå AllMusic kalla albumet «så nær 70-tals progressiv rok som det er mogeleg å kome i 2014».[2]

KonseptEndra

Uttrykket Homo Erraticus er latinsk for «vandrande mann», og konseptet byggjer dels på den oppdikta karakteren Gerald Bostock, eit vedunderbarn. Ein har fått detaljar frå soga frå to offisielle kjelder, som går til dels i mot kvarandre: nettsida til Jethro Tull og ei eiga marknadsføringsside for albumet.

Den generelle bakgrunnssoga for albumet er at i år 2014 så har diktaren Gerald Bostock, som no er tidleg i 50-åra, nyleg oppdaga eit «støvete, upublisert manuskript» hos bokhandlaren i byen, skriven av den lokale amatørhistorikaren Ernest T. Parritt, (1873 -1928), som enten vert kalla «Homo Britanicus Erraticus»[3] eller «Homo erraticus (The St Cleve Chronicles)».[4] Anderson hevda at tekstane på albumet er tolkinga til Bostock av det illustrerte dokumentet til Parritt som oppsummerer historiske element i den tidlege sivilisasjonen i Storbritannia og som òg verkar å vere eit profeti for framtida.».[3] To år før han døydde skal Parritt visstnok ha byrja å få syn frå tidlegare liv, som anten kom av at «Parritt hadde eit traumatisk fall frå hesten sin»[3] eller «leid av tilbakevendande malaria, han fekk då ha var i hæren i India».[4] Parritt opplever liva til «ein førhistorisk, nomadisk steinaldermann, ein smed frå jernalderen, ein saksisk inntrengjar, ein kristen munk, ein latinskuleelev på 1600-talet, ein vertshushaldar, ein jernbaneingeniør for Brunel, og til og med prins Albert, ektemannen til dronning Victoria.»

KritikkEndra

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [2]
Sputnik Music     [5]

AllMusic gav tre og ei halv stjerne og skreiv «konturane av komposisjonane minner om klassisk tull, så Homo Erraticus er til sjuande og sist tilfredsstillande».[6]

InnhaldEndra

Alle songane er oppført som skrivne av Ian Anderson og Gerald Bostock. Albumet er delt inn i tre delar – «Chronicles», «Prophecies» og «Revelations».[7]

Del ein: Chronicles
# Tittel Lengd
1. «Doggerland (7000 BCE)»   4:20
2. «Heavy Metals (750 BCE – 43 CE)»   1:29
3. «Enter the Uninvited (43 CE – 410 CE – 1960!)»   4:12
4. «Puer Ferox Adventus (313 – 600 CE)»   7:11
5. «Meliora Sequamur (1100s)»   3:32
6. «The Turnpike Inn (1750)»   3:08
7. «The Engineer (1847)»   3:12
8. «The Pax Britannica (1815 – 1914)»   3:05
Del to: Prophecies
# Tittel Lengd
9. «Tripudium Ad Bellum (1914 – 1939)»   2:48
10. «After These Wars (1950-åra)»   4:28
11. «New Blood, Old Veins (1960-åra)»   2:31
Del tre: Revelations
# Tittel Lengd
12. «In for a Pound (2013)»   0:36
13. «The Browning of the Green (2014)»   4:05
14. «Per Errationes Ad Astra (2024)»   1:33
15. «Cold Dead Reckoning (2044)[3][8]»   5:28

MedverkandeEndra

Musikarar

Teknisk

  • Jakko Jakszyk – miksing, mastering
  • Carl Glover – kunst, design, fotografi

SalslisterEndra

Liste (2014) Plassering
Austerrikske album (Ö3 Austria)[9] 41
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[10] 171
Finske album (Suomen virallinen lista)[11] 34
Tyske album (Media Control)[12] 13
Italian Albums (FIMI)[13] 47
Nederlandske album (MegaCharts)[14] 45
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[15] 69
Britiske album (OCC)[16] 14

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Homo Erraticus – The New Studio Album from Jethro Tull's Ian Anderson». Jethro Tull. Henta 25. mai 2019. 
  2. 2,0 2,1 Stephen Thomas Erlewine (15. april 2014). «Homo Erraticus - Ian Anderson | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 25. mai 2019. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 «Homo Erraticus Lyrics». Jethro Tull. 20. juni 2014. Henta 25. mai 2019. 
  4. 4,0 4,1 https://web.archive.org/web/20141118135456/http://homoerraticus.com/backstory-and-synopsis/. Arkivert frå originalen 18. november 2014. Henta 25. mai 2019.  Missing or empty |title= (hjelp)
  5. «Ian Anderson reviews, music, news». Sputnik Music. Henta 25. mai 2019. 
  6. Stephen Thomas Erlewine (15. april 2014). «Homo Erraticus - Ian Anderson | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 25. mai 2019. 
  7. https://web.archive.org/web/20140517130735/http://homoerraticus.com/. Arkivert frå originalen 17. mai 2014. Henta 25. mai 2019.  Missing or empty |title= (hjelp)
  8. «Homo Erraticus by Ian Anderson on iTunes». Itunes.apple.com. 15. april 2014. Henta 25. mai 2019. 
  9. "Ian Anderson - Homo Erraticus" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 25. mai 2019.
  10. "Ian Anderson – Homo Erraticus" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 25. mai 2019.
  11. "Ian Anderson: Homo Erraticus" (På finsk). Musiikkituottajat – IFPI Finland. Henta 2. mai 2014.
  12. "Longplay-Chartverfolgung at Musicline". Musicline.de. Media Control. Henta 25. mai 2019.
  13. «Artisti – Classifica settimanale WK 16 (dal 14-04-2014 al 20-04-2014)» (på italiensk). FIMI. Arkivert frå originalen 25. mai 2019. Henta 25. mai 2019. 
  14. "Ian Anderson – Homo Erraticus". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 25. mai 2019.
  15. "Ian Anderson – Homo Erraticus". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 25. mai 2019.
  16. "Ian Anderson | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 26. april 2014.