Thick as a Brick 2

Thick as a Brick 2
Studioalbum av Ian Anderson
Språk engelsk
Utgjeve 2. april 2012[1]
Innspelt Mars 2011 til november 2011
Sjanger Progressiv rock
Lengd 53:45
Selskap Chrysalis/EMI Records
50999 6 38726 2 0
F2-38726
Produsent Ian Anderson
Ian Anderson-kronologi 
Ian Anderson Plays the Orchestral Jethro Tull
(2005)
Thick as a Brick 2 Homo Erraticus
(2014)


Thick as a Brick 2, forkorta TAAB 2 og med undertittelen Whatever Happened to Gerald Bostock?, er eit album av frontmannen i Jethro Tull Ian Anderson, gjeve ut i 2012 som ein oppfølgjar til Thick as a Brick, det kritikarroste konseptalbumet til Jethro Tull frå 1972. Albumet nådde 55. plass på Billboard-lista i USA.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[2]
PopMatters5/10[1]
Sputnik Music4.0/5[3]

I følgje Anderson fokuserer TAAB 2 på Gerald Bostock, ein fiktiv gut som vart omtalt som tekstforfattar på det originale albumet, førti år seinare. «Eg lurar på kvar den åtte år gamle Gerald Bostock gjer på i dag. Finst framleis den oppdikta avisa?»[4] Albumet presenterer fem forskjellige, hypotetiske livshistorier for Gerald Bostock, der han har vorte ein grådig finansmann, ein homoseksuell heimlaus mann, ein soldat i Afghanistan, ein skinnheilag evangelist, og ein heilt vanleg mann med barn og kone som driv ein butikk på hjørnet. Mot slutten av albumet ser alle dei fem historiene ut til å gli saman i same slutt i trist einsemd.[5] I mars 2012, for å følgje opp den oppdikta avisa (The St Cleve Chronicle and Linwell Advertiser) frå plateomslaget til den originale plata, vart det sett opp ei nettavis kalla StCleve: http://www.stcleve.com/.

Mottaking

endre

Albumet nådde 55. plass på den amerikanske albumlista og 13. plass på den tyske lista[6], 12. plass i Finland[7], 19. plass i Austerrike[8], 30. plass i Noreg[9], 31. plass i Sveits[10], 74. plass i Canada[11], at #35 on the UK charts [12], 76. plass i Nederland[13] og 99. plass i Spania[14].

Innhald

endre

Den originale Thick as a Brick bestod av berre ein einaste lang song, delt inn i to spor, medan TAAB 2 er delt inn i 17 forskjellige songar fordelt på 13 spor (somme merka som medleyar).

Alle songar er skrivne av Ian Anderson.

Nr.TittelLengd
1.«From a Pebble Thrown»3:05
2.«Medley: Pebbles Instrumental / Might-Have-Beens»4:21
3.«Medley: Upper Sixth Loan Shark / Banker Bets, Banker Wins»5:41
4.«Swing It Far»3:28
5.«Adrift and Dumbfounded»4:25
6.«Old School Song»3:07
7.«Wootton Bassett Town»3:44
8.«Medley: Power and Spirit / Give Till It Hurts»3:11
9.«Medley: Cosy Corner / Shunt and Shuffle»3:37
10.«A Change of Horses»8:04
11.«Confessional»3:09
12.«Kismet in Suburbia»4:17
13.«What-ifs, maibes and Might-Have-Beens»3:36
Total lengd:53:45

Ein DVD vart òg annonsert med følgjande innhald:

  1. 5.1 kringlyd av heile albumet (miksa av Steven Wilson)
  2. Dokumentar om innspelinga av albumet (25 min.)
  3. Intervju med Ian Anderson om albumet
  4. Intervju med Steven Wilson
  5. Tekstopplesing (25 min.)
  6. Kunst

Medverkande

endre
Musikarar
Produksjon

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Murphy, Sean (14. mai 2012). «Jethro Tull's Ian Anderson: Thick As a Brick 2 < PopMatters». popmatters.com. Henta 24. mai 2019. 
  2. Erlewine, Stephen Thomas. «IAN ANDERSON Thick As A Brick 2: Whatever Happened To Gerald Bostock?». Allmusic. 
  3. «Ian Anderson - Thick as a Brick 2 (album review )». Sputnikmusic. 22. oktober 2012. Henta 24. mai 2019. 
  4. «Jethro Tull’s Ian Anderson On Thick as a Brick 2, the Grammys And More». American Songwriter. 2 februar 2012. 
  5. «New CD Release by Ian Anderson Revives the Prog Genre». 11 april 2012. [daud lenkje]
  6. «Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche - musicline.de». musicline.de. Henta 15. september 2012. [daud lenkje]
  7. «finnishcharts.com - Jethro Tull's Ian Anderson - TAAB2 - Thick As A Brick 2». finnishcharts.com. Henta 15. september 2012. 
  8. «Jethro Tull's Ian Anderson - TAAB2 - Thick As A Brick 2 - Austerrikskecharts.at». Austerrikskecharts.at. Henta 15. september 2012. [daud lenkje]
  9. «norwegiancharts.com - Jethro Tull's Ian Anderson - TAAB2 - Thick As A Brick 2». norwegiancharts.com. Henta 15. september 2012. 
  10. «Jethro Tull's Ian Anderson - TAAB2 - Thick As A Brick 2 - hitparade.ch». hitparade.ch. Henta 15. september 2012. 
  11. http://jam.canoe.ca/Music/Charts/ALBUMS.html
  12. «ListeArchive - Ian Anderson - Thick As A Brick 2». listearchive.org. Henta 15. september 2012. [daud lenkje]
  13. «dutchcharts.nl - Jethro Tull's Ian Anderson - TAAB2 - Thick As A Brick 2». dutchcharts.nl. Henta 15. september 2012. 
  14. «spanishcharts.com - Jethro Tull's Ian Anderson - TAAB2 - Thick As A Brick 2». spanishcharts.com. Henta 15. september 2012. 

Bakgrunnsstoff

endre