Hongkonginfluensaen

Hongkonginfluensaen eller hongkongsjuka var ein influensapandemi som braut ut i 1968 og ebba ut i 1970. Den kravde rundt 800 000 menneskeliv på verdsbasis. Andre tal går så høgt opp som til to millionar liv.

Årsaka til pandemien var influensaviruset A/H3N2.

På grunn av den nære slektskapen til asiainfluensaen frå 1957 vart effektane av hongkonginfluensaen mildare, sidan store delar av folkesetnaden hadde eit immunforsvar som framleis hadde antistoff mot den liknande influensatypen H2N2.

Hongkonginfluensaen oppstod som ein kombinasjon av fugleinfluensa og menneskelege influensavirusar. Dette vert kalla reassortering og resultatet av den genetiske nykombinasjonen vert kalla antigenskift.

Kjelder endre