Asiasjuka (eller asiainfluensaen) var etter spanskesjuka den nest verste influensapandemien1900-talet. Han vart utløyst av influensaviruset A/Singapore/1/57 (H2N2). Asiainfluensaen braut ut i 1957 og hadde antakeleg utspring i Folkerepublikken Kina. Ein rekne med at sjuka i åra 1957–1958 kosta mellom éin og to millionar menneske livet.[1]

Asiainfluensaen vart utløyst av ein virussubtype som ved antigenskift hadde oppstått frå ein kombinasjon av eit menneskeleg virus og eit fjørkrepestvirus.[2]

A/H2N2 smitta lett frå menneske til menneske og forårsaka fram til 1968 årlege nye influensainfeksjonar. Etter dette vart H2N2 «avløyst» av subtype A/H3N2: A/H3N2 forårsaka i 1968 pandemien som går under namnet hongkonginfluensaen.

Kjelder endre

  1. New Scientist 13. april 2005: Pandemic-causing 'Asian flu' accidentally released
  2. Jeffrey Greene, Karen Moline (2006): The Bird Flu Pandemic. ISBN 0312360568