Hoopers Shoulder er ei sjølvstendig kjegle med ei høgd på 1800 moh på vestsida av Mount ErebusRoss Island i Antarktis. Frå McMurdo Sound verkar det å ha ei perfekt pyramideform med svart fjell, som stikk ut som eit glimrande merke mot bakgrunnen av is og snø og nesten på linje frå Cape Royds til krateret på Mount Erebus. Sjølve kjegla er kring 100 meter høg og er omgjeve av ei djup grøft, skapt av kraftig vind. Det vart namngjeve av Frank Debenham under den andre stiginga til Mount Erebus etter F.J. Hooper, som var stuert under Terra Nova-ekspedisjonen og med på turen opp til fjellet.[1]

Hoopers Shoulder
vulkan
Land  Antarktis
Stad Ross Island
 •  høgd 1 800 moh.
 - koordinatar 77°32′S 166°53′E / 77.533°S 166.883°E / -77.533; 166.883
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Hoopers Shoulder
77°32′00″S 166°52′59″E / 77.5333°S 166.883°E / -77.5333; 166.883
Hoopers Shoulder is located in Antarktis
Hoopers Shoulder (Antarktis)

Kjelder

endre
  1. «Hoopers Shoulder». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 22. oktober 2012. 

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Hoopers Shoulder» (innhald frå Geographic Names Information System).