Ross Island er ei øy danna av fire vulkanar i Rosshavet nær det antarktiske kontinentet, utanfor kysten av Victoria Land i McMurdo Sound.

Ross Island
øy
Kart over Ross Island
Land  Antarktis
Øygruppe Ross Archipelago
Del av Ross Archipelago
Stad Antarktis
 - koordinatar 77°30′S 168°0′E / 77.500°S 168.000°E / -77.500; 168.000
Høgaste punkt Erebus
 •  høgd 3 794 moh.
Areal 2 460 km²
Folketal 100
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Ross Island
77°30′S 168°00′E / 77.5°S 168°E / -77.5; 168
Ross Island is located in Antarktis
Ross Island (Antarktis)
Wikimedia Commons: Ross Island

Geografi

endre
 
Ortografisk projeksjon sentrert over Ross Island
 
Landfast havis i framgrunnen. Ross Island i bakgrunnen.

På grunn av vedvarande isdekke, vert øya stundom rekna som ein del av Antarktika. Ho har eit areal på 2460 km²; og berre ein liten del av øya er is- og snøfri. Den sørlegaste aktive vulkanen på jorda, Erebus (3794 moh.), og den sørlegaste sovande vulkanen Terror (3230 moh.), ligg på øya. Dei vart namngjevne av James Clark Ross etter skip hans HMS «Erebus» og HMS «Terror». Det tredje høgaste fjellet på øya er Mount Bird, med Shell Glacier og Endeavour Piedmont Glacier i fjellsidene. Abbott Peak står mellom Mount Erebus og Mount Bird. Gamble Cone står aust på øya.

Trass i at øya er relativt lita, er ho den sjette høgaste øya i verda.

Oppdaging

endre

Sir James Clark Ross oppdaga øya i 1841, og ho vart seinare kalla opp etter han av Robert F. Scott.

Ross Island vart basen for mange tidlege ekspedisjonar i Antarktis. Ho var og er framleis den sørlegaste øya som er mogeleg å nå til sjøs. Hytter bygde av ekspedisjonane til Scott og Shackleton står framleis på øya og er i dag bevarte som historiske stader.

I dag står den newzealandske Scott Base på øya og her står òg den største busetnaden i Antarktis, U.S. Antarctic Program sin McMurdo Station. Greenpeace oppretta World Park Base på øya og dreiv denne i fem år frå 1987 til 1992.

Ross Island ligg innanfor grensene til Ross Dependency, som er kravområdet til New Zealand i Antarktis.

Dyreliv

endre

Ross Island har ein koloni på kring ein halv million adeliepingvinar.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre