Hoplafjorden

Hoplafjorden er ein liten fjordarm av Åsenfjorden i Levanger kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 2 km austover til grenda Hopla, som han er kalla opp etter.

Fjorden har innløp mellom Sagtun i sør og Hesthåggånebben i nord. På andre sida av Hesthåggånebben går Leangsfjorden nordover.

Fv104 går langs delar av nordsida av fjorden. Koordinatar: 63°36′7.2972″N 10°55′24.600″E