Leangsfjorden
Leangsfjorden er ein liten fjordarm av Åsenfjorden i Levanger kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 1,5 km nordaustover til grenda Leangan, som han er kalla opp etter.
Fjorden har innløp mellom Tørøya i vest og Hesthåggånebben i aust. På andre sida av Hesthåggånebben går Hoplafjorden austover. Vest for Tørøya ligg Sunndalsfjorden. Den indre delen av Leangsfjorden er delt i to viker av halvøya Litløya.
Riksveg 753 går langs nordsida av fjorden. 63°36′29″N 10°55′14″E / 63.60806°N 10.92056°E