Hor er ei nemning for seksuell omgang mellom ein mann og kvinne som ikkje er gifte med kvarandre. Det har tidlegare vore brukt om brotsverk, men blir i moderne tid mest brukt i religiøse samanhengar, oftast om seksuell umoral generelt. Ein finn det også som skjellsord i forma «hore», og om forhold der ei kvinne sel kroppen sin (prostitusjon). Utruskap er ein eufemisme som blir brukt i staden for hor, og blir i dag vanlegvis brukt om personar som held eit kjenslemessig nært eller seksuelt forhold skjult for ein annan som ein lever med.

Skildring av eit par dømt for hor, frå Livre des coutumes de la ville d'Agen frå midten av 1200-talet.

Historie i Noreg endre

Hor var opphavleg ei nemning på samleie mellom ein mann og ei kvinne som ikkje var gifte med kvarandre. Frå 1600-talet blei visse former for hor kriminalisert, i tillegg til at det sjølvsagt òg var i strid med kyrkja sine bod. På denne tida var ikkje omgrepet «hor» knytt til prostitusjon.

Tre nemningar som blei brukte om ulike former for hor i Noreg, Danmark og Sverige på 1600- og 1700-talet var:

  • Leiermål, der ingen av partane var gifte.
  • Enkelthor, der den eine parten var gift.
  • Dobbelthor, der begge partane var gifte på kvart sitt hald.

I 1617 blei «leiermål» kriminalisert for fyrste gong i Noreg, og både ugifte kvinner og menn skulle betale høge bøter for slike brotsverk. Lovbestemmingane om hor som blei innførte saman med reformasjonen i Noreg i 1537 slo fast at slike handlingar skulle straffast med døden for begge. Desse bestemmingane blei endra allereie i 1539, og sidan vidareført i same form i Christian Vs Norske Lov av 1687. I denne perioden var dobbelthor belagt med dødsstraff. Beviskrava var likevel særs høge, og det blei berre gjeve dødsstraff i sjeldne fall. I fyrste tilfelle, hor mellom ugifte, skjedde rettsforfølging som oftast berre når forholdet førte til svangerskap eller barn, og blei vanlegvis løyst med løfte om ekteskap.

Etter 1814 har Den norske høgsteretten stadfesta seksten dødsdommar for hor. Den siste gjaldt Torkild Larsen frå Kristiansand, som ble dødsdømt i 1835 for «fjerde gangs hor». Han blei gjeven nåde, men døydde allereie i 1836 i Kristiansand tukthus av «Betændelse i Underlivet».[1]

I prinsippet var hor straffbart i norsk lov (straffeloven § 379) fram til 1972, men lovføresegna var sovande dei siste tiåra ho eksisterte.

Kjelder endre

  1. Torgrim Sørnes: Ondskap – de henrettede i Norge 1815-1876 (s. 41), forlaget Schibsted, Oslo 2009, ISBN 978-82-5 16-2720-7