Hordfast er eit planlagd prosjekt med ein ny vegstrekning mellom Bergen og Stord.

Traseen frå Statens vegvesen sitt planprogram E39 Stord–Os (august 2022).

Det finst tre alternativ for kor vegen skal gå. Det eine er eit vestleg alternativ over Austevoll. Dei to andre alternativa er austlege alternativ som går over sør-aust sida av Tysnes og vidare over Fusa, samt eit midtre alternativ med bru over Langenue, veg langs vestsida av Tysnes og bru over Reksteren til Os. Prosjektet er ikkje vedtatt, men ein håpar arbeidet kan starta før 2020. Prosjektet kjem truleg til å kosta mellom 14 og 17 milliardar norske kroner.

Det midtre alternativet med bru over Reksteren er teknisk krevjande, men kan gje ei reisetid mellom Bergen og Leirvik på 50 minuttar, medan det indre alternativet over Fusa er berekna å bruke 65 minutt.[1]

Prosjektet er ein del av arbeidet med å utvikle Europaveg 39 mellom Bergen og Aksdal i Tysvær. Prosjektet er ikkje nemnd i Nasjonal Transportplan 2010-2019. Korleis vegen skal finansierast er enno usikkert, men truleg må store delar av kostnaden betalast gjennom bompengeinnbetaling.

Vegen blir ein del av Europaveg 39.

Kjelder endre

  1. «Vi kan få verdas lengste flytebru». www.bt.no. 13. januar 2011. Arkivert frå originalen 15. januar 2011.